star
star
star
star
star

Traudalen-Gjengedalsstøylen

Tur frå Ryggjastøylen til Gjengedalsstøylen gjennom Klype og Ljoren. Fin tur med bra sti til inste del av Traudalen. Deretter går turen gjennom eit smalt elvagjel mellom Klype og Ljoren der ein må...
Foto: Gunnar Nygjerd

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 329589
Køyr fylkesveg 615 frå Sandane sentrum mot Hyen. Etter knappe 3 km ta til venstre på fylkesveg 697 mot Rauset. Følg denne ca. 3,5 km til Grov. Etter ei bru over Ryggjaelva ta første veg til venstre. Der står skilt "Traudalen". Ta bomveg ca. 3 km til Parkeringsplass ved Ryggjastøylen, der startar turen.
Type
Turer
Passer for
Eldre, Ungdom, Barn, Voksne
Varighet
4 timer
Lengde
13.5 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Tur frå Ryggjastøylen til Gjengedalsstøylen gjennom Klype og Ljoren. Fin tur med bra sti til inste del av Traudalen. Deretter går turen gjennom eit smalt elvagjel mellom Klype og Ljoren der ein må krysse elva tre gonger. Her er to utfordrande parti. Eitt med bratt klyving opp ein svært skrå jordskråning der det kan vere fare for å skli ned i jølet. Kan vere lurt å ta ta med eit tau som urøynde turgåarar kan halde seg i. Vidare ei bratt oppstigning gjennom ur til Ljoren. Der må ein passe på å ikkje løyse ut steinar som kan treffe dei nedanfor. På grunn av vassføring i elva, som ein må krysse fleire gonger, bør ein ikkje gå denne turen før etter midten av juli. Når ein kjem opp til Styggevatnet går ein i fjellskråninga på austsida av vatnet. Her ligg ein bratt snøbre som går rett i vatnet til langt ut på sommaren, der kan det vere vanskeleg å kome forbi. Denne turen høver difor best å ta på seinsommaren/haust. Når ein kjem forbi det andre Styggevatnet må ein over ein fjellrygg (ca. 100 høgdemeter). Frå toppen av denne har ein fin utsikt nedover mot Styggelivatnet og Gjengedalen. Mellom Styggelivatnet og Gjengedalsstøylen er det vanskeleg å finne ei god rute, stien finn ein berre stykkevis. GPS-sporet som ligg ved her er ikkje godt på denne strekninga.