Praktisk info
Sponsede linker
Norli - alt i bøker og rekvisita
Tilgjengelige billetter
17/10 2024 kl 19:00
Detaljer
I fleire år har selskapet Norge Mining bora etter mineral i Dalane. Nå tyder stadig meir på at ressursane av strategisk viktige mineral er enorme.
Enkelte ser for seg ei framtidig næring som kan bli like viktig som oljeindustrien, som vil skapa svært mange nye arbeidsplassar i regionen og gi solide bidrag til slunkne kommunekasser.
Samtidig vil storskala gruvedrift leggja beslag på store areal, og gå ut over natur, jordbruk og nærmiljø. Ein protestaksjon er alt etablert. Men kva seier politikarane i Dalane? Skal dei ta imot gruveplanane med opne armar, eller skal dei seia nei takk?
Deltakarar:
Representant frå Norge Mineraler
Representant for La Dalane leve
Anja Hovland, ordførar Eigersund (H)
Bjørn-Inge Mydland, ordførar Sokndal (Sp)
Debattleiar: Arnt Olav Klippenberg