star
star
star
star
star

Torvløysa(1851m) frå Herdalen

Torvløysa røyser seg over bjørkeskogen vest for Herdalssetra. Høgdeforskjellen er ca 1350 meter. Ein kan også nå Torvløysa frå Innsetsetra i Dyrdalen. Det er ei lettare rute, som også er ein flott...
Foto: Ole Magnus Melchior

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 421375
Frå Nærbutikken i Norddal kjører ein fram vegen Dalssida til Fossheim og følger skilting mot Herdalssetra. Her det bomveg. Ca 10km frå fjorden til Herdalsseter.
Type
Turer
Passer for
Barn, Voksne, Eldre, Ungdom
Varighet
6 timer
Lengde
12.2 km
Vanskelighetsgrad
Ekspert
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Torvløysa røyser seg over bjørkeskogen vest for Herdalssetra. Høgdeforskjellen er ca 1350 meter. Ein kan også nå Torvløysa frå Innsetsetra i Dyrdalen. Det er ei lettare rute, som også er ein flott vårskitur.

Frå fjøsen på Herdalssetra følg ein stien opp ei opning i bjørkeskogen. Opp til tregrensa er det rimelig god sti, men den blir meir utydeleg etterkvart og ein skal dreie nordover mot stansen. Det blir enklare å kome seg opp på egga desto lengre heimover fjellet mot Stansen ein går. Dei sprekaste velger ofte å gå meir rett på egga, det er tyngre. Sørover egga er det først forholdsvis flatt før det igjen blir brattere. Egga blir smalare, meir urete og etter kvart luftigare. Ei stor steinblokk stenger veien vidare. Denne kan ein runde nede til høgre (forsiktig) eller klyves over. Deretter kjem ein til eit platå som dreier vestover mot toppen med stor varde og utsiktspunkt.

Returen kan ein gå tilbake same veg, eller gå ned Mefjellet og ryggen mot Daurmålsfjellet, ned til Innsetsetra. Vidare mot Rellingsetra eller bratt ned til hyttefeltet Engeset i Norddal. Turvante kan legge nedturen over breen mellom Torvløysa og Kupenibba. Ned til bandet er det bratt ur. Det er verdt å ta turen oppom Kupenibba (ca. 1760 m) før ein tek seg ned breen. Ruta følg egga bort - smalt og luftig! Inntaket på breen kan være vanskelig på grunn av avsmeltning. Ned breen sklir ein langs midten, men forsiktig - her kan sprekker. Fortsett ut dalbotnen og bort fjellsida i overkant av skoggrensa til ein møter stien igjen. Rundturen er krevende og det er en fordel med kjentfolk.