star
star
star
star
star

Tørviknuten

Tørviknuten ligg i lag med storebror Vesoldo på det som må kunne sjåast på som ei halvøy mellom Norheimsund og Strandebarm. Vesoldo er høgast, men Tørviknuten er ikkje eit dårlegare turalternativ...
Foto: Kjell Inge Tufte Tyssen

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 443991
Utan bil vert det langt å gå på veg, iallefall på den beskrivne ruta. Med utgangspunkt i Tørvikbygd køyrer du 1-2 km sørover til Augastad der du tek av frå Rv49 og køyrer opp Augastadvegen, igjennom gardstun og inn på bomveg til stølen Ryssing. Det er eit par vegdeler på denne, men hald høgre er generelt eit tips. Parkering ved Ryssing.
Type
Turer
Passer for
Voksne
Varighet
4 timer
Lengde
4 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Tørviknuten ligg i lag med storebror Vesoldo på det som må kunne sjåast på som ei halvøy mellom Norheimsund og Strandebarm. Vesoldo er høgast, men Tørviknuten er ikkje eit dårlegare turalternativ av den grunn. Eit fantastisk 360 graders panorma på toppen.

Frå Ryssing er det god sti oppover til Skårsete som du skal til i fyrste omgang. Frå Skårsete er det ikkje skikkeleg sti vidare, noko spreidd varding er der, men stortsett lyt du klare deg sjølv. Ta av frå stien like før Skårsete og gå oppover til høgre for bekken. Følg ryggen oppover og nordover til Tjørnanutane. Herfrå lyt du ned nokre høgdemeter og ta deg oppatt på ny rygg lengre nord. Denne fylgjer du nesten til topps. Opp på sjølve toppen frå aust.

Tørviknuten kan enkelt kombinerast med Vesoldo, og returen kan leggjast om Finnheller, Osadal og tilbake til Ryssing på gamle stiar.