Torgeir Waldemar - Love

TORGEIR WALDEMAR - LOVE Verda har ikkje blitt ein betre stad. Tvert imot, var Torgeir Waldemars konklusjon etter å ha servert verda først ein eksistensiell- og deretter ei politisk, rasande plate....
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
03.mar
2022
kl 20:00

Detaljer

TORGEIR WALDEMAR - LOVE

Verda har ikkje blitt ein betre stad. Tvert imot, var Torgeir Waldemars konklusjon etter å ha servert verda først ein eksistensiell- og deretter ei politisk, rasande plate. I turbulente tider der murar blir reist og hat blir spreidd, kva skulle vere hovudbudskapen for den nye plata? Svaret var banalt, men enkelt. Waldemar og produsent Anders Møller kom fram til at det einaste vi alle saman har er kvarandre – kjærleiken.

Dei som har opplevd Torgeir Waldemar med fullt band veit at det er eit øyredøyvande lokomotiv av eit orkester, som uanstrengt vekslar mellom å rocke hardt, jamme psykedelisk eller spele gyngande countryrock. Det er denne bandkjensla Waldemar ønskjer å gjenskape på Love – samtidig som tekstane og bodskapen som ligg i botnen, sørgar for at nerven han er kjendt for, alltid er til stades.

Etter å ha nytt stor suksess med dei to foregåande studioalbuma sine, Torgeir Waldemar(2014) og No Offending Borders(2017), har Torgeir Waldemar etablert seg helt i toppsjiktet av rocka, norske trubadurar. Der den sjølvtitulerte debuten var ei innoverskuande og melankolsk plate, var Borders eit politisk rockemonster. På minialbumet Jamais Vu (2018) kombinerte Waldemar desse to aspekta av sitt musikalske virke, der han strippa ned rockelåtane frå andreplata og rocka opp dei akustiske frå debuten. Det går ein raud tråd gjennom Waldemar sin musikk der det kommande albumet Loveer ei naturleg fortsetting.

Love er spelt inn i Subsonic Society Studios og produsert av Torgeir Waldemar og Anders Møller. Eit imponerande ensemble av musikarar deltar på plata, og spesielt må komponist Ole Henrik Moe sitt bidrag nemnast, med han stemningsskapende lydkulissar som syr samen og skapar ein ytterlegere heilskap for albumet.

På Vesle Kinn spelar Torgeir Waldemar duo. Vi gler oss!

Billettslepp søndag 28.11 kl. 20.

Praktisk info

Enjoy-kode: 414769
Type
Konserter
Passer for
Ungdom, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.