star
star
star
star
star

Topptur via Sollibotnen til 1496 i Veitebergsdalen, Jølser.

Dette er ein tur med vakker naturoppleving både sommar og vinter. Ein startar å gå inn Veitebergsdalen frå Stardalen i Jølster. Denne dalen er smal med høge og til dels dramatiske fjell på begge...
Foto: Leif Kapstad

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 526839
Ein tek av på Klakegg(E 39) mot Fonn i Stardalen. Ein kan parkere bilen på Veiteberg i Stardalen ca 2-300 m etter at ein har passert brua på Veiteberg der traktorvegen tek av til venstre.Tømmertransport og anna aktivitet må ikkje hindrast. Om sommaren kan ein køyre ca 1,5 km innover Veitebergsdalen med eigna bil dersom ein har løyve frå grunneigar.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Barn, Eldre, Ungdom
Varighet
6 timer
Lengde
7.1 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Dette er ein tur med vakker naturoppleving både sommar og vinter. Ein startar å gå inn Veitebergsdalen frå Stardalen i Jølster. Denne dalen er smal med høge og til dels dramatiske fjell på begge sider. Dalen fører fram til Myklebust i Breim.Om vinteren går det ofte ras i dette området. Frå Klakegg i Jølster tek ein av til Stardalen/Fonn. Etter omlag 15 km kjem ein til Veiteberg. Etter å ha kryssa ei elvs og eit par gardstun, tek traktorvegen av etter ca 2-300 m. Med løyve frå grunneigar, kan ein om sommaren køyre ca 1,4 km innover i dalen dersom ein har eigna bil. Elles kan ein parkere nede ved vegen der traktorvegen tek av. Om vinteren må ein parkere her. Frå enden av traktorvegen går det ein sti på høgre sida av elva. Den første delen av stien ar ikkje så tydeleg, men etter kvart vert den meir tydeleg. Nokre plassar vil ein sjå raude merker (etter trimpostmerking). Stien svingar av oppover til høgre for elva som no går i eit fossestryk på fleire hundre meter. Det er bratt opp dette dalføret til skaret mot Sollibotn. På det brattaste varierar hellinga frå 35 til 45 grader. Om vinteren kan det vere rasfare og dersom snøen er hard, kan det vere naudsynt med skarejern eller stegjern for å komme seg trygt opp. Når ein er ferdig med det brattaste partiet, kjem ein opp på eit platå med stein og morenemasser. Etter eit flatare parti vert det ein bratt parti opp mot brevatne i Sollibotn som ligg på 1120 m.o.h..I Sollibotn får ein oppleve brefall, brevatn, elvar, bratte fjellsider med variert landskap mot Veitebergsdalen. Her kan det passe med ein matpause. Ein brukar omlag 2 timar frå Veiteberg og opp til brevatnet.

Ein kan no ta turen vidare til toppen 1496 som ikkkje har fått noko namn. Ein går best opp nord/vest sida. Her er det litt ur, morenemasser og mosedekka steinparti. Det ikkje nokon sti, men det er lett å ta seg fram. Det er relativt bratt opp. Hellinga dei førse 200 høgdemetera varierer frå 25 til 35 grader. Frå 1300 m og opp til toppen er hellinga nærare 45 grader.På toppen av 1496 er der ein liten(uferdig) varde. Flott utsikt over Jostedalsbree, Myklebustbreen og Grovabreen med mange spanande fjellparti på alle kantar. Frå Sollibotn og opp til toppen brukar ein ca 1 time.

Utan pause vil ein greie returen til Veiteberg på omlag to timar.

Ein kan gå turen som topptur om vinteren og våren dersom snøtilhøva er gode. Det kan vere rasfare. I bratte heng kan det vere naudsynt med skarejern eller stegjern. Ein treng godt utstyr og kunnskap om rasfare for å ta denne turen på ski.