star
star
star
star
star

Topptur til Vangsen

Vangsen (1757 moh.) er «stortoppen» i Jostedalen, og om sommaren er han ganske lett tilgjengeleg på grunn av den høgtliggjande anleggsvegen. På Vangsen kan du òg gå på ski til langt ut på sommaren....

Praktisk info

Enjoy-kode: 872687
Frå fv 604, køyr mot Espe 4 km sør for Gjerde. Ta av til høgre på asfaltert bomveg 400 meter forbi skule og samfunnshus. Følg denne svingete fjellvegen heilt opp over skoggrensa til Vanndalsvatnet og parker her.
Type
Turer
Passer for
Voksne
Varighet
5 timer
Lengde
5.9 km
Vanskelighetsgrad
Ekspert
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Vangsen (1757 moh.) er «stortoppen» i Jostedalen, og om sommaren er han ganske lett tilgjengeleg på grunn av den høgtliggjande anleggsvegen. På Vangsen kan du òg gå på ski til langt ut på sommaren. Høgdeskilnad: 710 m.

Snøen smeltar sakte i denne nordsida, så turen er nok best til fots seint på sommaren. Ein kan møte skilauparar her så seint som i juli. Gå til du er midt på sørsida av vatnet. Følg drag mot vest oppover til omlag 1300 moh, kor du bikkar ein kant. Gå ryggen vestover til ei flate på 1440 m.o.h., så bratt opp ei kneik, og du ser toppen. Det finaste er å gå nordryggen til topps, men om ein vert svimmel på grunn av høgda kan ein gå trygt over den vesle breen aust for toppen. Storslått utsyn over heile Vestlandet møter ein ved varden, under ein mot vest ligg Skåldalen, stølen til garden Åsen. Mykje stein og snøparti krevjer sitt av turgåaren på turen til Vangsen.