star
star
star
star
star

Topptur til Våbrekkefjell, Vikebygd, 553 m.o.h.

Gå opp mot krysset ved fylkesvegen ta til venstre der, og så til høgre opp grusveg etter ca. 30m. Her heng det og skilt som syner kor det er turløyper. Føl grusvegen rake vegen oppover mot...
Foto: Roald Årvik

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 940101
Turen startar frå parkeringsplassen ved kyrkja i Vikebygd. Ta av frå E134 ved Isvik og følg vegen mot Vikebygd i ca 12 km til ein kjem til kyrkja.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
20 minutter
Lengde
10.2 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Gå opp mot krysset ved fylkesvegen ta til venstre der, og så til høgre opp grusveg etter ca. 30m. Her heng det og skilt som syner kor det er turløyper.

Føl grusvegen rake vegen oppover mot Vikestølen, ein vil etter kvart kome opp til Longavatnet, frå der føl ein vegen vidare langs sørsida av vatnet mot Vikestølen. I enden av vatnet (aust) stig vegen noko bratt oppover, då er ein i Feinsbrekka. Dette er ca. 4 km frå der ein starta turen. Oppe på flaten ca. 50 m etter Feiensbrekka, ved eit skilt ( det kjem etterkvart) tar ein av Vikestølsvegen og til høgre opp ein sti som går mot sør. Stien er merkja oppover gjennom skogen, her er det noko bratt i 400-500 meter til ein er over tregrensa. Det stig ein del etter dette og, før stien vender mot vest og ein for det meste føl steinvardar vidare opp Søre Vassheddene. Ein går då på fjellryggen med Longvatnet på høgre handa, etter kvart vert det nokså slakt oppover mot den vesle varden på toppen av Våbrekkefjell. Etter ein rast på toppen, med flott utsikt er det tid for heimveg. Frå toppen går ferda ned frå fjellet sørvestover, ein vil då få eit flott utsyn mot det vakre Morgonsvatn-vassdraget, som stien passerer i tett ved. Vatnet i elva egnar seg godt til å stilla tørsten med. Vel nede ved elva som renn frå dette vassdraget føl ein merkja sti nordvestover, først over nokre myrar og knausar, deretter ned gjennom skogen til ein kjem ut att igjen på Vikestølsvegen ca. 2.5 km frå parkeringsplassen ved kyrkja. Då er det berre nedoverbakkar som står att av turen.