star
star
star
star
star

Topptur til Våbrekka ( Ytre Smalanuten) i Vikebygd, 583 m.o.h.

Gå opp mot krysset ved fylkesvegen ta til venstre der, og så til høgre opp grusveg etter ca. 30m. Her heng det og skilt som syner kor det er turløyper. Føl grusvegen rake vegen oppover forbi...

Praktisk info

Enjoy-kode: 392103
Turen startar frå parkeringsplassen ved kyrkja i Vikebygd. Ta av frå E134 ved Isvik og følg vegen mot Vikebygd i ca 12 km til ein kjem til kyrkja.
Type
Turer
Passer for
Voksen, Barn
Varighet
15 minutter
Lengde
8.1 km
Vanskelighetsgrad
filters.difficulty.options.middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Gå opp mot krysset ved fylkesvegen ta til venstre der, og så til høgre opp grusveg etter ca. 30m. Her heng det og skilt som syner kor det er turløyper.

Føl grusvegen rake vegen oppover forbi Vassverket sitt reinseanlegget, skogsvegen til høgre for reinsanlegget er der ein kjem kjem ned på tilbaketuren. Fortsett vidare oppover grusvegen i retning Vikestølen.

Det kjem no nokre bratte bakkar før ein er oppe ved Kleivane og demninga til Vik kraft, dette er nok dei tøffaste stigningane på heile turen.

Ca. 200 meter etter demninga til Vik Kraft ta til høgre og kryss elva på jernbrua, der det heng skilt som syner retning mot Våbrekka og Morgonsvatnet.

Etter å ha kryssa elva skal ein følgja merkja sti i ca. 900 m i gjennom skogen til ein er over skoggrensa. Deretter føl ein stien vidare i ca. 400 meter til ein kjem til elva som renn frå Morgonsvatnet, den skal kryssast. Her er det eit skilt som syner vegen mot Våbrekka eller Ytre Smalanuten som er det korrekte namnet. Her er det og tid til å nyta det reine og friske vatnet som renn i elva, eller fylla på vassflasker.

Etter å ha kryssa elva så føl ein merkjepinnar vestover mot Indre Smalnuten, her går ein ca. 700 m i nokså slak stigning oppover i for det meste myrterreng. Når siste myra er passert så kjem ein inn i eit flott fjellparti med fine stiar etter dyretrakk, løypa går litt inn og ut av desse stiane til me er på utsiktspunktet ved Indre Smalanuten. Her kan ein nytta høve til å nyta utsikten over Vikebygd, før ein legg i veg dei siste 400 m mot målet for turen, toppen av Våbrekka/Ytre Smalanuten.

Frå toppen som er 583 moh går ein no vidare mot vest og føl ryggen av Våbrekka i merkja sti ned til Byrkjelivatnet.

Frå Byrkjelivatnet går løypa i ope terreng i ca 800 m nedover mot Indre Børkjelia, på dette strekket vil ein ha fin usikt over midtre og nordre del av Vikebygd det meste av vegen.

Så er det på tid å dukka inn i skogen igjen, og etter vel ein kilometer gange i gjennom skogen i fint terreng med bjørk og furu, så er ein nede ved reinsealegget og kan ta fatt på siste rest mot kyrkja.