star
star
star
star
star

Topptur til Tverrådalskyrkja (2088 moh.) i Breheimen

Utiskten en klar dag fra Tverreådalskyrkja tar pusten fra deg. Fra toppen ser du Tafjordfjella i nord, den store lange Jostedalsbreen og Hurrungane og Jotunheimen med de mange alpine topper i...

Praktisk info

Enjoy-kode: 513469
Buss til Lom. Lokalbuss fra Lom til Sota Sæter.
Type
Turer
Passer for
Voksne
Varighet
8 timer
Lengde
9.3 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Utiskten en klar dag fra Tverreådalskyrkja tar pusten fra deg. Fra toppen ser du Tafjordfjella i nord, den store lange Jostedalsbreen og Hurrungane og Jotunheimen med de mange alpine topper i sør.

Sota Sæter – Tverrådalskyrkja – Sota Sæter

Fylg DNT-merka stig opp til venstre, 100 m etter parkeringsplassen. Etter ca 20 min deler stigen seg midt oppe i skogen, og du tar til høgre skrått opp mot skaret i Tverrådalen (ca. 1 1/4 time frå Sota og opp til Tverrådalen). Her flatar stigen ut, inn Tverrådalen, så opp ein kneik mot venstre og inn i Steindalen. Som navnet seier, mykje stein, men likevel enkel å gå. Kryss elva så snart det let seg gjere etter at du har kome opp i Steindalen. Framfor deg har du nå Tverrådalskyrkja på høgre hand, rett fram stikk Sveinkollen opp av Fortundalsbreen og til venstre reiser nå Tundradalskyrkja seg. Passer brevatnet på vestsida, og gå inn på breen i rett linje mot der ryggen av Tverrådalskyrkja går kvasst ned i breen.

Styr unna bretunga du har på høgre hand når du passerer vatnet. Den kan synast som ein snarveg, men har fleire tversgåande sprekkar. 4-500 m inn på breen tar du til høgre, og rett inn på steinryggen. Vinterstid må ein setja igjen skia her nede, og gå til fots med stavar resten av stigninga mot toppen. Følg ryggen opp mot toppen (ca ein time). Jevnt bratt, og kanhende "luftig" for enkelte, men ikkje verre enn at også ungar (frå 12 år og oppover) kan ta denne turen om ein tar dei nødvendige forhandsreglar.

Fenomenal utsikt frå toppen i klart vær (2088 moh); Tafjordfjella i nord, Jostedalsbreen i vest, og Hurrungane og Jotunheimen med sine toppar i sør. Turen tek drygt 4-5 timer opp (1340 m stigning) og 3-4 timer ned igjen. Dette er ein tur som krev fint vær om ein skal ha fullt utbytte av den, men da er det til gjengjeld ein tur du aldri gløymer.