star
star
star
star
star

Topptur til Rimmane frå Rørvikfjellet

Denne turen går til den austlege toppen på fjellpartiet Rimmane, og den ligg 1209 moh. Start på Rørvikfjellet der gamlevegen måter fv 13. Her står skiltet som viser vegen. Dei første metrane går du...
Foto: Alf Foss

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 272485
Det er gode parkeringsplassar på Rørvikfjellet.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
20 minutter
Lengde
2.4 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Denne turen går til den austlege toppen på fjellpartiet Rimmane, og den ligg 1209 moh. Start på Rørvikfjellet der gamlevegen måter fv 13. Her står skiltet som viser vegen. Dei første metrane går du over eit særmerkt berg med masse skuringsstriper i. Så kryssar du ei lita elv, går vidare på små hamrar med fjelltjønna på venstre side, over eit lite myrparti og inn i skogen over fjelltjønna. Etter skogen og endå eit myrparti byrjar sjølve stigninga. Ruta er merka med raude punkt på steinar. Lenger oppe går du forbi ein godt synleg stein som ligg i byrjinga av ein lang rane. Etter ranen kjem du opp i ein botn. No går den merkte ruta vidare opp gjennom ei rås i ein bratt berghammar der det for enkelte kan virke litt skummelt. Her kan du heller velje å runde til høgre under fjellhammaren og runde ut att til venstre og inn på stien lenger oppe. Mot slutten av stigningane kan du sjå etter steinar på høgkant som vegvisarar inn til varden.