star
star
star
star
star

Topptur til Myrhønna

Det mest særeigne fjellet i Jostedalen er vorte eit signaturfjell for så vel lokalbefolkninga som kunstnarar. Frå toppen ser du både Jotunheimen og Jostedalsbreen. Ein luftig tur! Høgdeskilnad: 440...
Foto: I, Pudelek

Praktisk info

Enjoy-kode: 444989
Frå fv 604, køyr mot Espe 4 km sør for Gjerde. Ta av til høgre på asfaltert bomveg 400 meter forbi skule og samfunnshus. Følg denne svingete fjellvegen heilt opp over skoggrensa til Vanndalsvatnet og parker her.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Barn
Varighet
3 timer
Lengde
5.2 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Det mest særeigne fjellet i Jostedalen er vorte eit signaturfjell for så vel lokalbefolkninga som kunstnarar. Frå toppen ser du både Jotunheimen og Jostedalsbreen. Ein luftig tur! Høgdeskilnad: 440 m.

Frå parkeringsplassen ligg Myrhønna ligg mot nordvest. Gå i lyng og myr mot skaret i nordnordaust, Mannen heiter dette skaret. Det er lett å finne vegen sjølv om det ikkje er godt merka sti. Saueveger kan vere greie å følgje, men går ikkje alltid beste veg. Frå skaret følgjer ein langs ryggen mot vest, fyrst litt bratt, så litt opp og ned, før ein når toppunktet som gjev ei eineståande utsikt over Jostedalen. Det kan ligge snø på toppen langt ut i juli. Vær forsiktig med å gå for langt ut på snøskavlar som heng utover på nordsida.