star
star
star
star
star

Topptur til Møsnuken om Stemmedalen

Dei første 300 metrane går du på grusa sti frå parkeringsplassen på Tøsdal. Ved første kryss kan du ta til venstre opp til Linken. Dette er ein ganske bratt og tung veg. Alternativt følgjer du...
Foto: Roar Haugsgjerd

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 562144
Frå Os tek du til høgre vis a vis Mekonomen bilverkstad og køyrer inn til parkeringsplassen på Tøsdal. Pass på at du ikkje parkerer på innmarka dersom parkeringsplassen er full. I helgene kan du parkere ved Meny og gå innover Tøsdalsvegen.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
4 timer
Lengde
4.3 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Dei første 300 metrane går du på grusa sti frå parkeringsplassen på Tøsdal. Ved første kryss kan du ta til venstre opp til Linken. Dette er ein ganske bratt og tung veg. Alternativt følgjer du stien oppover granfeltet. Det er òg bratt, men terrenget flatar fint ut etter ei stund. Innover Stemmedalen har Os Turlag lagt flott til rette for turgåarar, men dette er eit terreng som krev gode sko. Underlaget varierer mellom jord, stein, røter og vått underlag. Inst i Stemmedalen kjem du til eit kryss der det er skilta til eit flyvrak frå andre verdskrigen. Her går stien til venstre mot Møsnuken. Det er fantastisk utsikt i alle retningar frå Møsnuken og høgfjellskjensla er nærdliggande. Tilbake går du over fjellerryggen mot Linken. Terrenget er kupert og det er flott utsikt heile vegen tilbake.