star
star
star
star
star

Topptur til Liabrekulen (1910 moh.)

Skal du sjå Jotunheimen på nært hald, finn du ikkje finare utsiktspunkt! Fjelltoppen Liabrekulen (1910 moh.) ligg rett opp frå DNT-hytta Nørdstedalseter og har det flottaste utsynet som tenkjast...
Foto: Ingeborg Flaten

Praktisk info

Enjoy-kode: 518446
Frå vest følgjer du vegen til Sogndal, og så er det berre å følgja fylkesveg 55 mot Luster og Sognefjellet til du kjem til Fortun. Frå Førde må ein rekna mest to og ein halv times køyring. Frå aust følgjer du fylkesveg 55 over Sognefjellet.

Deretter følgjer du flate Fortunsdalen innover mange kilometer, før stigningane byrjar oppover mot Nørdstedalsseter og DNT-hytta der. Dalen er lang og vegen smal, så det tek si tid å koma fram, men etter ein ny halvtime er du nok ved vegs ende i Vetledalen, den av dei tre dalane med anleggsveg som ligg lengst til høgre.
Type
Turer
Passer for
Voksne
Varighet
7 timer
Lengde
14 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Skal du sjå Jotunheimen på nært hald, finn du ikkje finare utsiktspunkt!

Fjelltoppen Liabrekulen (1910 moh.) ligg rett opp frå DNT-hytta Nørdstedalseter og har det flottaste utsynet som tenkjast kan! Her ser du heile tindeverda i Jotunheimen og mot dei høge og fine toppane i Breheimen, frå Hestbrepiggane, via Holåtindane og Tverrådalskyrkja til Lodalskåpa som stikk seg fram over iskappa på Jostedalsbreen.

Normalt går turen frå Nørdstedalseter inn Vetledalen til Grønevatnet og mot toppen derifrå. Så kan det vera greitt å gå vestover på returen, til du kjem inn på den merkte ruta frå Stølsdalen til Nørdstedalsseter. Turen tek 6?7 timar, men er ikkje spesielt tung, ettersom du startar i vel tusen meters høgde.

Dette er ein av toppane i den etter kvart kjende og populære Topptrimmen til Luster Turlag. For meir informasjon, kontakt Luster Turlag: http://www.turistforeningen.no/luster

Både for Lustringar og langvegsfarande er ei overnatting på Nørdstedalsseter anten før eller etter turen å anbefale; hytta er kjend for sine gode middagar og triveleg vertskap.