star
star
star
star
star

Topptur til Hålandsnipa

Turen tek ca. 3 t og går frå 600 moh. til 981 moh. på det høgste. Hålandsnipa ligg på 821 moh. Turen startar frå parkeringsplassen ved Siplo, men om sommaren kan ein køyre heilt fram til Strupen...

Praktisk info

Enjoy-kode: 583052
Køyr opp fjellvegen til Siplo og ta av ved Falkenhytta mot Strupen og parker ved bommen. Vinterstid parkerer ein på parkeringsplass lenger nede.
Type
Turer
Passer for
Barn, Eldre, Ungdom, Voksne
Varighet
3 timer
Lengde
4.2 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turen tek ca. 3 t og går frå 600 moh. til 981 moh. på det høgste. Hålandsnipa ligg på 821 moh.

Turen startar frå parkeringsplassen ved Siplo, men om sommaren kan ein køyre heilt fram til Strupen (på folkemunne kalla Saueskolten). Ein følgjer grusvegen og tek av til høgre like før Falkenhytta og vidare til ein kjem til ein bom, Strupen. Vidare følgjer ein den svingete grusvegen opp i høgda, allereie her er det flott utsikt over Høyanger. Følg grusvegen vidare innover Breidalen til du i botnen av dalen finn eit turskilt merka med turen. Ein svingar ut i venstre i terrenget og følgjer raud merking mot hyttene i dalen, etter desse startar stigninga opp mot kammen. Stien er kronglete og ein har to alternativ, her kan òg vere bratt nokre stader.

Oppe på kammen er det berre å følgje stien bortover og vidare oppover, om vinteren kan det vere litt utfordrande på ski. Ein passerer mastene og følgjer ny stigning opp mot sjølve toppen, her står også ein liten varde og ein har god utsikt til fjella omkring, t.d. mot Eriksdalen og Skardfjell. Boksen med turbok heng nede på den øvste masta. Mange tek turen ned til utsiktspunktet og ein følgjer då terrenget nedover til utsikta til slutt openberrar seg. Her er det flott å ta ein pause og nyte mat og utsikt. Retur blir same veg tilbake.

Ein kan gå turen både om sommaren og på ski om vinteren. Om vinteren kan det vere rasfare både ut mot Strupen og opp mot Breidalen, og ein anbefaler då å gå opp Smådalane.