star
star
star
star
star

Topptur til Gyaaksla og Rygla ifrå Gyavatnet

Denne toppturen er ikkje noko for kvar og ein. Det er den bratte bakken ifrå Gyavatnet upp på snaudfjellplatået som gjerer denne ruta so sermerkt. I grunnen er den fyrste lùten av turen nok helder...
Foto: Jens Wyludda

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 910969
Når ein kjem ifrå Egersund køyrer ein på E39 i sudleg leid mot Helleland der ein tek av til vìnstre på Fv42 mot Tonstad. Ein fylgjer Fv42 nokre kilometer og parkerar bilen attmed vegen ved den vestlege enden av Gyavatnet – rett der stemmen kjem til syne.
Type
Turer
Passer for
Ungdom, Eldre, Barn, Voksne
Varighet
30 minutter
Lengde
6.8 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Denne toppturen er ikkje noko for kvar og ein. Det er den bratte bakken ifrå Gyavatnet upp på snaudfjellplatået som gjerer denne ruta so sermerkt. I grunnen er den fyrste lùten av turen nok helder for ein «fjellvegg» enn for ein bakke å rekna, og det inneber at ein på sùme stader fær nytta hendene sine for å koma seg fram- og uppyver.

Når ein kjem ifrå Egersund køyrer ein på E39 i sudleg leid mot Helleland der ein tek av til vìnstre på Fv42 mot Tonstad. Ein fylgjer Fv42 nokre kilometer og parkerar bilen attmed vegen ved den vestlege enden av Gyavatnet – rett der stemmen kjem til syne.

Ein gjeng yver sjølve stemmen og byrjar turen i bjørkeskogen ved foten av den bratte skråningi. Den tette skogen held fram uppetter til han etter kvart tynnest ut og vert burte når ein nærmar seg skardet som fører ein frametter i snaudfjellterrenget.

Partiet ifrå Gyavatnet til Gyaaksla er ikkje merkt eller skilta, og det kann einkvan plass vera noko vanskelegt å kjenna att stigen i terrenget, men av di trakket slyngjer seg langs ein fossande bekk, heilt upp til Holetjørni – eit lite vatn som ligg rett ved kanten av fjellplatået – er det likevel rimeleg einfelt å ferdast i rett leid.

Det finst tvo plassar der stigen gjeng tvers yver sjølve bekken og der vatnet fossar og spruter ovanfrå. Soleides er det gagnlegt med vasstette fjellskor kor som er.

Det siste partiet fyre ein kjem til Holetjørni fører igjenom eit smalt skard, og når ein endeleg hev nått det vakre fjellvatnet, flatar terrenget ut, so at det på den no fylgjande lùten av ruta vert mykje lettare å koma seg framyver.

Utsynet her uppe ifrå kanten av snaudfjellplatået er storslege. Når det er klårvêr skimrar nordsjøen på horisonten i sud-vestleg leid, og på hi sida fell synet på høgfjellheidane sunnanfor Ørsdalsvatnet med Store Skykula som den høgste toppen i umrådet.

Resten av den umerkte ruta fører yver småkupert snaudfjell utan noko serleg bratt parti. Landskapet er ope og vakkert, og det gode utsynet i alle dei fire himmelættene er ubrigdt framifrå.

Sjølve stigen er ikkje allstad like godt synleg i terrenget, men ein bør vel trass i det greida seg utan nokon alvorlege flokar – trakket gjeng for det meste beint fram i nord-austleg leid, tett attmed kanten av platået som soleides syner vegen mot det fyrste turmålet: toppen av Gyaaklsa.

På sjølve toppen finst det ein varde og den obligatoriske turboki. Ein lyt ikkje gløyma å skriva inn namnet sitt fyrr ein fer burtetter mot Rygla.

Den no fylgjande lùten av turen - ifrå Gyaaksla til Rygla - inneheld nokre ymsande parti og attpåtil både raude og gule merkjingar som gjerer at ein her ikkje tarv óttast for å missa stigen.

Ifrå toppen fører trakket fyrst nedyver til ei liti namnlaus tjørn som òg ligg attåt kanten av fjellplatået – sameleides som Holetjørni. Vatnet renn her ut or den vesle tjørni og fossar ned til dals igjenom eit trongt skard.

På dette punktet byrjar stigen å slyngja seg jamt uppyver att; sùme stader rimeleg nær til den sers bratte fjellkanten. Merkjingane gjerer sitt for at ein kann ferdast stødt og trygt burtetter mot det næste turmålet utan å bala med å finna rett leid.

Etter kvart kjem ein so fram til hin toppen – Rygla – som ruver 736 meter yver havet og dimed er høgre enn Gyaaksla med sine 681 meter. Varde og turbok finst det her òg.

Ein tek herifrå same ruta attende til Gyavatnet. Dei som ikkje vil ganga nedyver på same stigen, kann òg halda fram på den merkte ruta i nord-austleg leid til ein kjem ned til Gya på austsida av Gyavatnet. På den siste lùten gjeng ein då på den gamle «Kyrkjevegen» mìllom Gya og Heskestad.

(Bilæte frå tvo ulike turar på same ruta)