star
star
star
star
star

Topptur til Bjørndalsnipa ifrå Herredsvela

Bjørndalsnipa er ein av dei høgste toppane i den sudlege lùten av Hå kommune og byd på storslege utsyn yver det opne heid- og kystlandskapet på Sud-Jæren og innyver Dalane. Det finst tvo ymse...
Foto: Jens Wyludda

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 436562
Når ein kjem ifrå Egersund, køyrer ein på Fv44 til Brusand, der ein tek av til høgre mot Kartavoll/Bue. Etter nokre minutt køyring tek ein atter av til høgre ved skiltet som syner vegen til Herredsvela. Ein fylgjer denne vegen heilt til endes der han gjeng tvers yver eit gardstun, og so kjem ein til ein liten parkeringsplass med ei utslìti informasjonstavla rett attmed ei grind.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
30 minutter
Lengde
10 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Bjørndalsnipa er ein av dei høgste toppane i den sudlege lùten av Hå kommune og byd på storslege utsyn yver det opne heid- og kystlandskapet på Sud-Jæren og innyver Dalane.

Det finst tvo ymse rutor upp på Bjørndalsnipa. Ein kann anten taka den merkte turstigen ifrå Søra-Hetland kraftstasjon ved Ogna, eller ein kann taka hi ruta på umerkt stig ifrå bygdi Herredsvela som ligg nord for Brusand. Det er den sistnemnde av desse tvo som skal umtalast her.

Når ein kjem ifrå Egersund, køyrer ein på Fv44 til Brusand, der ein tek av til høgre mot Kartavoll/Bue. Etter nokre minutt køyring tek ein atter av til høgre ved skiltet som syner vegen til Herredsvela. Ein fylgjer denne vegen heilt til endes der han gjeng tvers yver eit gardstun, og so kjem ein til ein liten parkeringsplass med ei utslìti informasjonstavla rett attmed ei grind.

Turstigen er rett nok korkje merkt eller skilta, men av di han næsten allstad er godt synleg i terrenget, vil det ikkje verta vanskelegt å finna fram på denne ruta.

Turen startar her på kjerrevegen mot aust, og ein held fram på denne vegen yver ei liti steinbru framum nokre hyttor og burtetter i sud-austleg leid til vegen kløyver seg. Her tek ein til vìnstre – det same gjerer ein ein gong til når vegen kløyver seg att etter nokre hundrad meter.

Ein fylgjer vegen heilt til han endar ved Øvre Hedlevatnet. Her held ein fram på einfelt trakk langs vatnet og gjeng yver ei liti bru som er sett i hop av jarnstenger. So kjem ein etter kvart fram til ei upparbeidd hyttetomt med hytta, grasplen, båtplass og nokre småe buder.

Eit kort stykke attum tomti vert det eit lite parti med tett skog som ligg i ei skråning. Ein fer uppyver skråningi og uppe på bakketoppen der terrenget vert ope att, vil ein sjå restar etter gamle gruvor.

Derifrå slyngjer seg stigen igjenom det myrlendte heid-terrenget langs nokre småe tjørner og stødt uppyver mot turmålet: toppen av Bjørndalsnipa.

Uppe på toppen som ruver 275 meter yver havet finst det ein liten varde og ein turkasse med turbok. Når ein skodar rett ned mot Homsevatnet, vil ein få auga på den nedlagde fjellgarden Homse i nord-vestleg leid.

På klårvêrsdagar er utsynet makelaust – det opne heid- og fjellandskapet tøygjer seg langt innyver landet, og på hi sida mot sjøen fell synet på Jærens strender, medan Nordre Eigerøy med fyrtårnet sitt skimtar sunnanfor i det fjernet.

På vegen attende til Herredsvela tek ein same ruta. NB! Raudmerkjingane ein finn attmed toppen gjeld hi ruta ifrå Søra-Hetland ved Ogna.

Ein lyt vera budd på at store lùter av turen gjeng igjenom mùnaleg blautt og myrlendt terreng - vasstette skor må soleides reknast som fullt turvande.

Det vert um lag 10 kilometer att og fram, og ein kann nok rekna kring 3 timar totalt – inkludert ei litt lengre kvild på sjølve toppen.