star
star
star
star
star

Topptur til Bjørkeveten

Frå parkeringsplassen skal du opp igjennom eit gardstun og fortsetja på gardsveg/skogsveg. Delvis skilta/merka. Det er merka der du skal ta av frå vegen litt før Nyasete. Fyrst igjennom skog,...
Foto: Kjell Inge Tufte Tyssen

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 650755
Køyr til Fykse og vidare til Bjørke. Øvst på Bjørke er det ein liten parkeringsplass. Alternativt kan ein ta buss eller bil til Kakebua på Steinstø og gå opp til Bjørke.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
3 timer
Lengde
2.9 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Frå parkeringsplassen skal du opp igjennom eit gardstun og fortsetja på gardsveg/skogsveg. Delvis skilta/merka. Det er merka der du skal ta av frå vegen litt før Nyasete. Fyrst igjennom skog, seinare i meir ope myrlandskap til Bjørkeveten 571 moh.

Myrer er som dei fleste veit våte, og myrene på veg til Bjørkeveten er ikkje noko unnatak. Godt fottøy er derfor å anbefalla. Flott utsikt både innover og utover Hardangerfjorden. Retur same vegen, eller følg merka sti om Nyasete tilbake til utgangspunktet.

Turen er eigna for heile familien, ingen lange bratte bakkar og ein fin utsiktstopp som mål, med ein stor varde å gøyma seg bak om det er litt trekk.