star
star
star
star
star

Topptur på Indrebøfjellet frå Angedalen.

Indrebøfjellet ligg innerst i Angedalen i Førde kommune mellom Førde og Naustdal. Det er ein grei tur som tek 2- 4 timar. Vel 3 km og 500 høgdemeter. Det er ingen rasfare på denne turen om...

Praktisk info

Enjoy-kode: 793337
Køyr innerst i Angedalen frå Førde og ta ein avstikkar opp til venstre like før ( 50 meter ) før brua over elva. Der er høve til parkering like etter avkøyring.
Type
Turer
Passer for
Eldre, Voksne
Varighet
4 timer
Lengde
3 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Vår, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Indrebøfjellet ligg innerst i Angedalen i Førde kommune mellom Førde og Naustdal. Det er ein grei tur som tek 2- 4 timar. Vel 3 km og 500 høgdemeter. Det er ingen rasfare på denne turen om vinteren. Bortsett frå slutten av turen som er rimeleg flat, er det jevn stigning heile vegen. Når du har parkert føl du vegen, eller den oppkøyrde langrennsløypa ca 800 meter før du framfor ein liten nedoverbakke tek opp til venstre ( vestover ). Herfrå føl du ei gate oppover skogen. Siste 100 meterane før du kjem over skoggrensa er det ikkje hogd gate. Etter at du er over skoggrensa held du til venstre oppover ryggen. Stigninga er jamn med nokre flatare parti, særleg mot toppen. Du vil få utsikt over Førde mot sør og Sandfjellet mot nordaust.