star
star
star
star
star

Toppen

Frå enden av vegen fylgjer du raudmerka tydeleg sti oppover Hedlerdalen og seinare litt ned og over eit flatare parti med stølen Hedler på høgre side. Fortset etter raudmerkinga opp over ein høgde...
Foto: Kjell Inge Tufte Tyssen

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 478856
Fv7. til Vikedal 1km. vest for Ålvik, ta av på bomveg ved bebyggelse lengst vest. Følg denne til endes der det er parkeringsplass. Bompengar kr 50. Bompengane kan betalast til bankkonto om du ikkje har kæsj.
Type
Turer
Passer for
Ungdom, Barn, Eldre, Voksne
Varighet
3 timer
Lengde
4.4 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Frå enden av vegen fylgjer du raudmerka tydeleg sti oppover Hedlerdalen og seinare litt ned og over eit flatare parti med stølen Hedler på høgre side. Fortset etter raudmerkinga opp over ein høgde og ned i markert elvegjel og oppatt på andre sida, etter nokre titals høgdemeter deler stien seg (det står ei pil i berget på di høgre hand) der du skal ta til høgre. Begge rutene er raudmerka, ruta til venstre går til Dammen. mens du skal fylgje merka rute austover, lengre oppe kjem du til nytt stikryss - sjå etter oppreist stein med malt "Toppen" på og følg denne - det vil sei at du også her skal halde til høgre. Ruta til venstre går til Synken.

Når du nermar deg toppen må du finne starten av ei oppmurt trapp ned i eit gjel og oppatt på andre sida. Etter gjelet kjem du til eit stikryss - her skal du og få auge på eit bygg nedom deg - du skal ned til det og forbi. Posten er plassert like ved ei monstermast, på platået over der ruinane av toppvaktbua kan sjåast. Me anbefalar ein tur nedover for å nyta Ålvik frå oven.

Ver obs på at det vert arbeidd med å rive det gamle kraftanlegget (2017).