Aktuelle alternativer
Detaljer
Myter og magi har til alle tider omkransa den norske folkemusikken.
Huldreslåttar, huldresongar, segner, naturmytiske balladar, kjempe – og trollviser, åndelege viser og solbøner er alle lada med eit mytisk innhald, og ofte særeigne og vakre melodiar. På fela er huldreslåttane ofte spela på særskilde felestille som gjev ein heilt spesiell klang.
Det mystiske og mytiske i tekstane og musikken har alltid gjort folk nyfikne; det vi ikkje
heilt forstår blir vi ofte dregne mot.
Denne musikken er innhaldet i konserten Toeine der Anne Hytta og Berit Opheim formidlar slåttar og folketonar frå Telemark og Voss/Hardanger. All musikken er i eigne arrangement, i solo og samspel, i tillegg til noko nykomponert.
Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2023 med tema MAGISK.
Heile programmet finn du på littsymp.no.
FESTIVALPASS
Du kan kjøpe festivalpass til Litteratursymposiet:
MAGISK FESTIVALPASS
Eller dagspass:
DAGSPASS TORSDAG
DAGSPASS FREDAG
DAGSPASS LAURDAG
Pass gjev deg fri tilgang til alle arrangementa på symposiet, så lenge det er plass. Vil du vere garantert plass, må du hente ut plassreservasjon på dei enkelte arrangementa (gratis).