star
star
star
star
star

Tjørnafjellet

Du startar enten på Sjusete eller på Selesete. Sjusete: Fylgj skitraseen frå Sjusete til Allkleiv. Selesete: Fylgj vegen til vegkryss mot Stuasete, du ser stølshusa frå krysset. Ta inn til...

Praktisk info

Enjoy-kode: 548779
Køyr mot Sjusete frå Norheimsund eller Øystese ta av mot Selesete og køyr forbi gardstun og opp til høgre på grusveg til du kjem til ei grind. Her er nokre parkeringsplassar.
Type
Turer
Passer for
Ungdom, Voksne, Barn, Eldre
Varighet
4 timer
Lengde
5.4 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Du startar enten på Sjusete eller på Selesete.

Sjusete: Fylgj skitraseen frå Sjusete til Allkleiv.

Selesete: Fylgj vegen til vegkryss mot Stuasete, du ser stølshusa frå krysset. Ta inn til Stuasete og fortset på sti som tek til venstre rett før fyrste stølshuset. Stien er merka med enkelte raude stikker, men er stort sett tydeleg. Stien tek deg kortast veg til Allkleiv der du skal over elva på bru. Du kan og fylgja vegen heilt til Allkleiv.

Frå brua ved Allkleiv på tydeleg sti eller på traktorveg oppover. Terrenget flatar etterkvart ut og du kjem til stidele mellom sti til Norheimsdalen og Kalderassen. Hald her til høgre (merka med raud stikke) - mot Kalderassen, framleis tydeleg sti til Kalderassen. Litt før fyrste stølshus på Kalderassen skal du ta til venstre. Det er sett opp nokre vardar og raudmerka stikker fyrst vestover, før stien/merkinga dreiar nordover oppover mot Tjørnafjell etter ein svakt synleg sti. Når du nærmar deg toppen ser du ein saltstein - du går forbi denne og ser då posten nord for deg på høgre side av ein større stein.

Retur same veg, eller du kan ta deg ned mot utosen på Myklavatnet og fylgja sti langs elva nedatt til Kalderassen.