star
star
star
star
star

Tisthammarskaret i Gloppen kommune

Ein lett og fin tur i vakker natur. Vi går i litt myrete terreng i starten, men på god sti det meste av turen. Der er delvis steinlagt frå vegen og opp til Kvilestøylen. På Tisthammarskaret er...
Foto: Katrine Fjellestad Aske

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 474346
Køyr frå Reed opp mot Utvikfjellet, ta av mot Hunskår og køyr bompengevegen til du kjem til ein bom, ca. 10 minutt før Kvilestøylen. I 2015 kostar det kr 60,- i avgift.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
1 time
Lengde
2.5 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Ein lett og fin tur i vakker natur.

Vi går i litt myrete terreng i starten, men på god sti det meste av turen. Der er delvis steinlagt frå vegen og opp til Kvilestøylen.

På Tisthammarskaret er der fleire vatn der vi kan fiske og bade. Der er laga til med steinbord og benkar, så her er fint å ta ein matbit. Det er berre å ta med telt, her er fint å telte!

Om ein vil, går ein langs ved vatna og får utsikt til Nordfjorden. Turen kan sjølvsagt kombinerast med ein tur til Dunheia og Nordstrandsfjella, eller mot Snøfjellet, Fløtravarden og til Utviken.

I 2015 har Barnas Turlag i Gloppen trimpost her.

Turen tar ca ein time opp.