star
star
star
star
star

Tingsteinen

Det er grei sti den første delen. Siste delen er meir utydeleg sti, men ein kan sjå toppen derifrå. Turen er ca. 2 kilometer ein veg. Det tar ca. 1,5 - 2 timar begge vegar. Det er skilta mot...
Foto: Audun Brekke

Praktisk info

Enjoy-kode: 824077
Turen går frå Skaftedalen: Ta av frå riksveg 13 rett før bomstasjonen på Bulko og kjøyr gamlevegen mot Skjervsfossen. Ta av til venstre i ein skarp sving på Moe mot Jørdre og Skår. Kjøyr vegen fram og hald mot venstre til du ser eit skilt mot Skaftedalen omlag 3,2. Parker på parkeringsplass ved brua i Skaftedalen. Gå tilbake langs vegen til ferista før toppen. Følg grusvegen opp til grinda på venstre sida av vegen.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
50 minutter
Lengde
3.5 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Det er grei sti den første delen. Siste delen er meir utydeleg sti, men ein kan sjå toppen derifrå. Turen er ca. 2 kilometer ein veg. Det tar ca. 1,5 - 2 timar begge vegar. Det er skilta mot Skykkjeset og Hondalsnuten ved starten av stien. (Pass på å lukke grindene etter deg). Stien går rett frå langs steingjerdet etter grindene. Når du kjem til bekken går stien opp bakken til venstre. Deretter er det god sti til du kjem til bekken igjen ved Mosdal. Derifrå kan du velje å prøve å følgje stien oppå skjeringen på venstre side langs bekken, eller krysse bekken til høgre og gå rett mot Tingsteinen. Rett før siste stigningen mot Tingsteinen er stien tydeligere. Stien går til høgre for Tingsteinen, og runder tilbake til Tingsteinen mot toppen. Selve steinen på toppen er ikke så godt synlig før du er helt på toppen, selv om den er ganske stor.

Dersom du går ca. 100 meter rett mot granvinsvatnet er det god utsikt ned mot øvregranvin. Mot nordøst kan du se alle toppene langs Raundalsryggen.