Tine Fotballskule veke 32

I veka før skulestart (veke 32 - 08-12 Aug) arrangerer Sogndal Fotball i samarbeid med Tine, fotballskule for gutar og jenter fødde 2010-2016. Det vert aktivitet mandag til fredag frå klokka 10.00...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
08.aug
2022
kl 10:00

Detaljer

I veka før skulestart (veke 32 - 08-12 Aug) arrangerer Sogndal Fotball i samarbeid med Tine, fotballskule for gutar og jenter fødde 2010-2016. Det vert aktivitet mandag til fredag frå klokka 10.00 -14.00. Deltakarane kan, på eige ansvar, vere i Sognahallen frå klokka 09.00 til treningsstart alle dagar.

Prisen for fotballskulen er kr 990,-. Inkludert i prisen er Tine sekk, Umbro-ball,t-skjorte og Umbro-ball. Hugs eigen matpakke, drikke til lunsj er inkludert. Veka vert avslutta med grilling.

Fotballskuleveka startar mandag med registrering og utdeling av utstyr frå klokka 09.00 i Sognahallen. Tysdag til fredag er det oppmøte i Sognahallen klokka 09.45. Det er viktig at deltakarane tek med seg utdelt ball alle dagar, samt drikkeflaske og nistepakke. Henting 14.00 i Sognahallen.

Det er 130 plasser tilgjengeleg og for påmelding trykkar du her: https://sogndalfotball.ticketco.events/no/nb/e/tine_fotballskule_veke_32

Instruktørar for fotballskulen vil i hovudsak bestå av trenarar frå SogndalAkademiet, Sogndal 2 spelarar og guttelaget. Me skal læra mykje, men fyst å fremst skal me ha det frykteleg moro saman.

Søskenrabatt: - 20% på barn nr 2

Praktisk info

Enjoy-kode: 715460
Type
Sportsarrangement
Passer for
Barn, Voksne, Ungdom, Eldre
Kilde
TicketCo

Sponsede linker