Aktuelle alternativer
Detaljer
- prisvinnande framsyning om timen som forandra Noreg
Vi er utruleg glade for å få besøk av turnéversjonen av den prisvinnande framsyniga "Tilstander av Unntak". Framsyninga tar for seg eit utsnitt av det som skjedde 22. juli 2011, og vann vann 2 Heddaprisar, samt Osloprisen for beste framsyning i 2020.
Det er nå over ti år sidan– det er allereie historie: Ei tidslinje strekker seg gjennom eit reisverk, av kamera, instrument, løypestrenger, båndspillarar og små og store høgtalarar. Sekund for sekund, minutt for minutt, skal eit team av teiknarar, musikarar og filmkunstnarar rekonstruere tida det tok ein ung mann å sprenge eit norsk regjeringsbygg for etterpå å henrette unge sosialdemokratiske politikarar på sommarleir.
Hendingane vert rekonstruert, frå rekka av augneblink denne dagen, då ingen heil visste kva som var i ferd med å skje; kva som var viktig og ikkje; kven som skulle komme til å stå bak, og kva utfallet av denne fredagen skulle komme til å bli.
Publikum tas med tilbake til byrjinga, til eksplosjonen i Regjeringskvartalet. Deretter følgjer seksti skjellsettande minutt – nøyaktig ein time – som rysta Noreg ein regntung fredags ettermiddag sommeren 2011.
Medverkande: Anders Elsrud Hultgreen (kamera) Tor Christian F Bleikli (lys/kamera) Øystein Nesheim (tegning og lys) Morten Skage (teknikk og bass) Regi, musikk og Audio-Visuelt konsept: Tore Vagn Lid