star
star
star
star
star

Til topps på Omnen i Bremanger

Det er fleire historier om opphavet til namnet på Omnen (819 moh.). Ei av dei er denne: Den bratte fjellsida, på sørsida av Omnen mot Fagredalen, har ei markert kløft ved varden. Høgdeskilnaden...

Praktisk info

Enjoy-kode: 584070

Turen startar ved vegkrysset gravplass/R 614. Det er god parkering ved Rise Næringsbygg. Turen går på god sti til Risesetra, som er eit gamalt, nedlagt setermiljø med sel og driftsbygningar.

Type
Turer
Passer for
Voksne, Barn
Varighet
60 timer
Lengde
5.8 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Det er fleire historier om opphavet til namnet på Omnen (819 moh.). Ei av dei er denne: Den bratte fjellsida, på sørsida av Omnen mot Fagredalen, har ei markert kløft ved varden. Høgdeskilnaden gjer at det ofte trekkjer kraftig opp denne kløfta, – det vert nesten som ein skorstein. Når tåka lettar kan varden på Omnen ut som ei skorsteinspipe som spyr opp røyk/tåke. Kanskje detteer grunnen til namnet!?

Dette er ein tur som «gir mykje» med forholdsvis kort gangtid. Turen startar ved vegkrysset gravplass/R 614. Turen går på god sti til Risesetra, som er eit gamalt, nedlagt setermiljø med sel og driftsbygningar. Dette var Risegardane si setergrend som ligg på ca 350 moh. Også fjella Knoltren, Rikeloftet, Steinheia, Staven, Fagredalen og Trollfjellet har sitt naturlege utgangspunkt her.

Frå Risetra går vi på god sti søraustover i Fagredalen. Ved eit stikryss tek ein av mot aust. Stykkevis er stien her vanskeleg å sjå, men ein følgjer kanten oppover mot Rikeloftet og Nova. Her er nokre parti som er litt bratte, men utsikta vert flottare og flottare di høgre ein kjem. Det er difor god grunn til å kvile og nyta utsikta. Ein ser Svelgen i fugleperspektiv med Sandsegga og Hornelen som bakteppe mot nord, Hjelmen og Keipen som silhuett mot himmelen i nordaust og mot sør og vest ser ein Trollfjellet, Midtgulen, Nordgulen og Bremangerlandet. Ryggen oppover mot Omnen vert stykkevis luftig mot sør.

Omnen ligg eit forholdsvis flatt platå som strekkjer seg austover mot Tverrfjellet og Rikeloftet/Steinheia. Varden på Omnen står heilt framme på kanten mot Fagredalen. Heile kanten mot Fagredalen har mange luftige parti så det er lett å få sug i magen. Folk med høgdeskrekk bør leggje seg ned for å sjå utfor kanten. Her er mange flotte fotomotiv!