Detaljer
Thom Hell har gjennom ei årrekke vore ein av Noregs mest populære og produktive artistar. Som songar, produsent og låtskrivar har han gitt ut tolv studioalbum, motteke tre Spellemannprisar, sjarmert heile Noreg i «Hver gang vi møtes» og vunne «Det store korslaget». Plata «Happy Rabbit» blei motteke med ståande ovasjonar av britisk presse. I 2019 ga han ut tre album, i 2022 ga han ut to og i 2023 ga han ut eit dobbeltalbum - alle mottok strålande kritikkar. Thom Hell har ei lang og innhaldsrik karriere bak seg og har gjennom åra blitt ein velkjend og godt likt artist. Ved sida av eigne utgivelsar har han medvirka på ei rekke suksessfulle samarbeid, bl.a. med artistar som Marit Larsen, Jonas Fjeld, Marion Ravn, Jonas Alaska, Marte Wulff og Larkin Poe. Thom hentar mykje inspirasjon frå 60- og 70-talet, og utfrå denne forankringa har han jobba fram eit særeige og vellydande musikalsk uttrykk. Med sitt album nr. 13, «Candy» (januar 2025), feirar no Thom Hell 20 år som artist! Med ferske utgjevelsar i bagasjen er han på ein omfattande turné. Til Gamle Skrivargarden kjem Thom Hell i duoformat der han har med seg Ronny Yttrehus på gitar.
Praktisk info
Sponsede linker
Askeladden navnelapper - rask levering!
Get Inspired - alt i trening og fritid
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Tilgjengelige billetter
20/11 2025 8:00pm