Thea & The Wild

Med den intuitive meloditeften til ein sjølvlært musikar har låtane til Thea Glenton Raknes festa seg på mang ein hjernebark. Ho debuterte under namnet Thea & The Wild i 2014 til strålande respons...
29.okt
-
kl 20:00

Detaljer

Med den intuitive meloditeften til ein sjølvlært musikar har låtane til Thea Glenton Raknes festa seg på mang ein hjernebark. Ho debuterte under namnet Thea & The Wild i 2014 til strålande respons og Spellemannsnominasjon i indieklassen.

I 2018 kom hennar andre album "Ikaros" som Rolling Stone Magazine trakk fram som eit av 10 album ein burde lytte til. Hennar tredje album «Deadheading» har hun produsert og spelt inn med Madrugada-gitarist Cato “Salsa” Thomassen, og det blir sleppt på det velrenommerte plateselskapet Fysisk Format 7. oktober. Her byr ho igjen på ein samling knallsterke poplåtar, denne gongen inspirert av sin nye rurale tilværet på Hurumlandet. Tenk varmt, organisk, luftig, gitarbasert og ekstremt nynnbart!

Med seg til Vesle Kinn har Thea med seg sin faste "& The Wild" i mangeårigbandpartnar Kenneth Ishak, som også har gjort seg godt bemerka som soloartist, blant anna med fjorårets kritikarroste album "Native Tongue".Thea har ein nerve og eit nærvær på scena som er få forunt, og serverer som regel nokre artige anekdotar mellom slaga. Konserten vil bli i eit nedstrippa format med eit rikt lydbilete. Vi er sikre på at du har eit knippe nye låtar på hjernen når konserten er over!

Praktisk info

Enjoy-kode: 621279
Type
Konserter
Passer for
Voksne, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

I samarbeid med TicketCo

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.