The Promise - a tribute to Springsteen

The Promise Bruce73 Bli med å feire Bruce sin 73-årsdag på Havlys! Bruce Springsteen - sjefen - The Boss. Han som kjem frå småbyen Freehold, NJ, flytta til Asbury Park, NJ og erobra verda...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
24.sept
2022
kl 21:00

Detaljer

The Promise Bruce73 Bli med å feire Bruce sin 73-årsdag på Havlys!

Bruce Springsteen - sjefen - The Boss. Han som kjem frå småbyen Freehold, NJ, flytta til Asbury Park, NJ og erobra verda deretter. Han kjem ikkje til Bremanger med det fyrste, men 24.september kjem musikken hans til Havlys! Bremangerane Jarle Grotle, Kjetil Solberg, Inge Villy Hauge og 7 andre gode karar gjekk saman i 2019 og fylte Ole Bull Scene i Bergen til randen for å feire Bruce sin 70-årsdag, og har sidan den gong figurert både austpå og vestpå under namnet «The Promise - a tribute to Springsteen». Denne kvelden skal gjengen sørge for at Havlys framstår som ein av strandbarane i Asbury Park som Bruce regjerte på tidleg 70-tal. Det blir fest og moro, skjemt og litt alvor, det blir allsang og dans og det blir timevis med kjende og ukjende låtar frå 10 mann som er spenn klare for å gje Bremanger «life - right now», som Bruce seier. Møt opp presis, det her blir a night to remember!

Praktisk info

Enjoy-kode: 672059
Type
Konserter
Passer for
Ungdom, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.