THE KURAYBERS / VALKYRIEN ALLSTARS

Først ut denne fine fredagskvelden på festival­hotellet er The Kuraybers, ein musikargjeng som brukar Europa som dansegolv. Dei kjem frå Serbia, Bosnia, Bulgaria og Norge og er grenselaust...
09.jul
-
22:30

Detaljer

Først ut denne fine fredagskvelden på festival­hotellet er The Kuraybers, ein musikargjeng som brukar Europa som dansegolv. Dei kjem frå Serbia, Bosnia, Bulgaria og Norge og er grenselaust allsidige når det gjeld sjangrar og stilar. Humør og spele­glede står høgt i kurs når alt frå folkemusikk, eigne komposisjonar og klassisk musikk, vert blanda med improvisasjonar og jazz. The Kuraybers formar kvar tone til noko heilt unikt – som er deira!

Band nummer to er ingen ringare enn vår eiga Tuva Syvertsen i spissen for Valkyrien Allstars. Sidan sist dei spelte i Førde har dei halde fram med å utforske og utfordre bruken av tradisjonelle instrument og tradisjonsmusikk i eit moderne og rocka uttrykk. Gjennom tallause konsertar i inn-­ og utland, har dei utvikla seg til eit solid og leikande konsertband som aldri spelar to like konsertar.

Utfyllande informasjon og eventuelle endringar finn du på påfordefestival.no.

Praktisk info

Enjoy-kode: 673211
Type
Festivaler
Passer for
Eldre, Ungdom, Barn, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

I samarbeid med TicketCo