Teaterkafe: Jakob Sandes mange ansikt

Jakob Sandes mange ansikt For 95 år sidan debuterte Jakob Sande med diktsamlinga «Svarte næter» i Teatersalen i Nynorskens hus i Oslo. I august er det 70 år sidan Jakob skreiv Då Gud heldt Fest i...
16.aug
-
kl 18:00

Detaljer

Jakob Sandes mange ansikt

For 95 år sidan debuterte Jakob Sande med diktsamlinga «Svarte næter» i Teatersalen i Nynorskens hus i Oslo. I august er det 70 år sidan Jakob skreiv Då Gud heldt Fest i Fjaler.

I forkant av Jakob Sande dikt-konserten «Send storm» held forfattar og lektor Ove Eide føredraget «Jakob Sandes mange ansikt» i teatersalen.

Føredraget er ei vandring gjennom Sande sitt liv og forfattarskap, slik forfattaren og dikta hans har blitt forstått gjennom snart 100 år. Sande har blitt lesen og tolka på mange vis sidan debuten i 1929, noko som ikkje er så urimeleg når det handlar om ein mangfaldig og samansett kunstnar. Gjennom føredraget blir vi betre kjende med dette mangfaldet – med sunnfjordingen, sjømannen, den folkelege forteljaren, rike formidlaren, lektoren, visediktaren, radikalaren og alvorsmannen Jakob Sande.

Sande er ein bauta i norsk kunst- og språkhistorie og i 2020 opna Jakob Sande – nasjonalt senter for forteljekunst, med hovudsetet i Sande sitt barndomsheim, i Klokkargarden i Dale. Denne hausten marker Teater Vestland at dei har fått posisjon som senter for nynorsk scenespråk som vil ha hovudsete i Nynorskhuset i Førde.

Teater Vestland og Sandesenteret med vener vil saman feire Sande, forteljekunsten, språket gjennom produksjonen Send storm, med ein Fest i Fjaler og 4 samtalar om Sande i Nynorskhuset.

Praktisk info

Enjoy-kode: 377307
Type
Scene
Passer for
Voksne, Ungdom, Eldre
Kilde
Eventim

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

Fredag
16/08 2024 kl 18:00
Nynorskhuset, Teatersalen Storehagen 10
I samarbeid med Eventim