Tacobitch // konsert

- Bli med på dansefest med Tacobitch ! Tacobitch er eit interdisiplinært kollektiv som består av dansarar og musikarar. Sidan dei sprengde grenser for kva eit liveshow kan vere på By:Larm i...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.

Aktuelle alternativer

09.sept
2022
kl 22:00

Detaljer

  • Bli med på dansefest med Tacobitch !

Tacobitch er eit interdisiplinært kollektiv som består av dansarar og musikarar. Sidan dei sprengde grenser for kva eit liveshow kan vere på By:Larm i 2019, har dei vore ein ”snakkis” i både musikk- og dansefeltet og har spelt på festivalar og konserthus over heile landet. Dei har skapt endelause køar og ellevill stemning på Klubb Øya, Vill Vill Vest, Trondheim Calling og selt ut Carte Blanche i Bergen. Musikken deira er feststemt, teatral, hard og sporty, og - umogleg å ikkje danse til! Før bygginga av Nye Samvirket tek til for fullt, er vi glade for å kunne invitere til ein siste fest i «gamle Samvirket» - og trur dette vert ein dansekveld du seint vil gløyme!

”Tacobitch spiller musikk det er ulovlig å ikke ha lyst til å danse til" (Underdusken.no)

”Ut ifra det vi har sett til nå, så er det absolutt noe vi burde se fremover til. Musikk-Norge trenger noe som Tacobitch – noe nytt, drøyt og ikke minst originalt.” (musikknorge.no)

Lokalet opnar 22.00, med sal av snacks og drikke. Konsertstart kl. 22.30.

Praktisk info

Enjoy-kode: 444940
Type
Scene
Passer for
Voksne, Ungdom, Eldre
Kilde
TicketCo

Sponsede linker