Sylinder

I kanten av Storfjorden i Sykkylven ligg Cylindra, eit galleri der kunstobjekt designa av Peter Opsvik inviterer til ei reise i tankar og fantasi i grenselandet mellom funksjonalitet, kreativitet...
07.jul
-
kl 14:00

Detaljer

I kanten av Storfjorden i Sykkylven ligg Cylindra, eit galleri der kunstobjekt designa av Peter Opsvik inviterer til ei reise i tankar og fantasi i grenselandet mellom funksjonalitet, kreativitet og leik. Med nokre av desse objekta som utgangspunkt har gruppa Presens skapt ei tverrkunstnarleg framsyning med tittelen «Sylinder». ​ Dei unike Cylindra-objekta, designa av Peter Opsvik, hentar inspirasjon både frå naturen på Vestlandet og kjenslelivet til oss menneske. Denne særeigne kombinasjonen av materialitet og humanitet, estetikk og funksjonalitet, saman med den storslegne sunnmørsnaturen som omkransar galleriet, er utgangspunkt og ramme for det nye prosjektet til Presens, der dans, video og musikk går i dialog med dei fysiske objekta til Opsvik og naturen rundt. ​ Sylinderforma er ein gjennomgangsfigur i Opsviks design og kunst, slik han formulerer det sjølv: «Sylinderen i massivt tre oppfylte mine ønsker! Overflaten på sylinderen ga full frihet til å forme den, og sylinderens indre volum kunne brukes til funksjonelle formål». Presens ensemble består av: Andreas Barth – perkusjon Geir Hjorthol – trompet, elektronikk, vokal Einy Åm Sparks – dans, koreografi, filmredigering, vokal Tyler Sparks – filmfotografi og visuelle effektar Magnar Åm – piano, glas, keyboard, vokal

Praktisk info

Enjoy-kode: 215348
Type
Konserter
Passer for
Barn, Voksne, Ungdom, Eldre
Kilde
Tikkio

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

Søndag
07/07 2024 kl 14:00
Galleri Cylindra i Tusvik, Sykkylven 15 Havnegata
I samarbeid med Tikkio

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.