star
star
star
star
star

Sylfestnuten, Munketrimmen

Sylfestnuten ligg 1434 meter over havet. Sylfesten som turen vert kalla, er ein fantastisk tur til ein topp som har utsikt ikkje berre mot Sørfjorden og Folgefonna, men langt inn over...
Foto: Ivar Eidnes

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 763433
Turen startar på Lofthus, og går vidare opp lia. Den kan enten gå via Eidnes, eller Legena. Ta starten den eine vegen og returen den andre.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Ungdom
Varighet
7 timer
Lengde
14.9 km
Vanskelighetsgrad
Ekspert
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Sylfestnuten ligg 1434 meter over havet. Sylfesten som turen vert kalla, er ein fantastisk tur til ein topp som har utsikt ikkje berre mot Sørfjorden og Folgefonna, men langt inn over Hardangervidda. Her har ein panoramautsikt til mellom anna Hårteigen, Hardangerjøkulen og Tressfonn.

Turen går opp lia på Lofthus enten frå Legena eller Eidnes/ Lofthus. Opplev munketreppene og det spektakulære fossefallet i Opoelva, samt utsikt mot Skrikjo. Turen går vidare via dne gamle stølen Solbjørg, med flotte steinbuer og ein god plass å raste. Vidare over elva Kjølo. Oppstiginga til Sylfesten har ingen spesiell sti, men terrenget er såpass lett at den kan bestigast stort sett frå fleire kanter. Planlegg turen slik at den kan bli ein rundtur. Om ein vil bruke litt ekstra tid, gå innom stølen Opesjo på veg heim. Følg deretter stien langs Opoelva tilbake til Rjukan, og vidare ned lia.

Sylfestnuten er ein av turane i munketrimmen, og nok den lengste turen. Den er derimot også kanskje den vakraste, med den karakteristiske panoramautsikten inn over Hardangervidda. Munketrimmen er eit trimtilbod på Lofthus som består av 10 ulike turar. Går du 8 av turane, (6 av 10 under 12 år) får du flotte premiar). Søk på Munketrimmen, arrangørUTIL(Ullensvang turn- og idrottslag).