star
star
star
star
star

Svardal til Håsteinen Rundtur

Denne turen til Håsteinen har to alternativ: Stien er ikkje heilt god å finne. Kartet er er ein veileder kor ruta går, men ikkje heilt nøyaktig Alternativ 1: Frå brua i Håsteinsdalen går du til...

Praktisk info

Enjoy-kode: 146210
Fv 542 ca.1,5 km og tek av mot Svardal på Fv 541
Type
Turer
Passer for
Barn, Voksne, Eldre, Ungdom
Varighet
7 timer
Lengde
13.2 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Denne turen til Håsteinen har to alternativ:

Stien er ikkje heilt god å finne. Kartet er er ein veileder kor ruta går, men ikkje heilt nøyaktig

Alternativ 1: Frå brua i Håsteinsdalen går du til høgre, kryssar elva frå Håsteinsdalen, og går opp bakken til du kjem til ei godt synleg rås (gamle råsa opp Ytre Leitet mellom Svardal og Øyra). Følg den i nordvestleg retning opp til høgste punktet, og bryt der av til venstre vestover, og gå ut Fjellsenden. Her er det utsikt til Svardal, Osen, Steindal og til bygdene nordover til Storebru. Når du kjem ut til Sveene - det smalaste partiet før du kjem til Håsteinsmyrane - går du på sørsida av hamrane. Der er ei godt synleg rås etter hjorten. Vidare går du sørvest over myrane og opp den bratte ryggen. Oppe på Håsteinen kan du velje om du vil gå austover til Inste Håsteinen 964 moh, eller vestover til Yste Håsteinen 915 moh og eventuelt vidare sørvest til Høydalsnipa 933 moh.

Alternativ 2: Håsteinen gjennom Lilisdalen. Frå brua over elva i Håsteinsdalen går du opp bakken på skogsvegen ut til første skogsvegkrysset, der du tek til høgre. Der skogsvegen går over Håsteinselva og opp bakken i Lilisdalen. Derfrå går du sørvestover opp lia til hamrane, Øykjegardshillaren, og vidare opp til Håsteinsmyrane

Lengde 5,5 km

Frå Håsteinen er det utsikt til bygdene sør om Førdefjorden, øyane i Flora, Florø by og bygdene i indre Flora kommune.

Mellom Inste Håsteinen og Høydalsnipa over til Yste Håsteinen er det ca. 2,5 km.