star
star
star
star
star

Svardal / Steindalen til Nordvikstølen / Vasstølen

Du går på skogsbilvegen opp til Åmotstøylen. Frå Åmotstøylen til Svardalsstøylen og vidare ca 1 km innover mot Stølsbotnen går det skogsveg. På Svardalsstøylen, ta av til høgre langs elva og gå...

Praktisk info

Enjoy-kode: 382973
Fv 541 til Svardal/Steindal til Øyrabrua. Her kan du parkere og gå austover på bilvegen ca 200 m. Sving så til høgre inn på skogsbilvegen(bom)
Type
Turer
Passer for
Voksne, Eldre, Barn, Ungdom
Varighet
2 timer
Lengde
6.7 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Du går på skogsbilvegen opp til Åmotstøylen. Frå Åmotstøylen til Svardalsstøylen og vidare ca 1 km innover mot Stølsbotnen går det skogsveg.

På Svardalsstøylen, ta av til høgre langs elva og gå brua over Bygset for å komme over Støylselva. Frå brua går du austover myrane og opp skogsrinden mot Fureholten. Ved lita elv kan du krysse elva sør for stølshusa og gå rett sørover til Fureholten. Frå Fureholten går du sørover aust for Svarthammaren, på vestsida av Nordvikstølsvatnet til Nordvikstølen, og vidare ned den bratte fjellsida til Nordvik. Det er ein relativt lett tur til Nordvikstølen, men ned til Nordvik er det svært bratt.

Frå Fureholten, på stien til Nordvik går ein søraust over til Vasstølen i lett terreng. Herifrå kan du gå ned den bratte fjellsida til Med vatnet i Redal. Stien ned Skadfjellet frå Vasstølen er svært bratt, så vil du gå ned der, bør du ha med deg kjentfolk

Turen er teikna inn og er ei rettesnor