star
star
star
star
star

Sund: Rundtur Mannen - Stordalen - Sangolthornet

Denne turen går i terrenget som ligg mellom Lerøyosen i aust, fylkesveg 198 i vest, Skaga/Store-Sangolt i nord og Klokkarvik i sør. Her finn vi mellom anna fjella Mannen og Sangholtshornet. Vi starter...

Praktisk info

Enjoy-kode: 510412
På fylkesveg 198, om lag 2 km nord for Klokkarvik, ligg der ein parkeringsplass på austsida av vegen, i sørkant av eit lite tjørn, med plass til nokre biler. Her startar turen.
Type
Turer
Passer for
Voksen
Varighet
3 timer
Lengde
6.3 km
Vanskelighetsgrad
filters.difficulty.options.krevende
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Denne turen går i terrenget som ligg mellom Lerøyosen i aust, fylkesveg 198 i vest, Skaga/Store-Sangolt i nord og Klokkarvik i sør. Her finn vi mellom anna fjella Mannen og Sangholtshornet. Vi starter frå parkeringsplassen og følgjer den gamle skogsvegen og skilta som viser veg til «Mannen». Skjønt namnet «Mannen» er det ikkje alle som er einige om er det rette, då nokon har fjerna den eine n´en frå skilta og difor meiner namnet skal vera «Manen». På dei karta vi har, står det skreve «Mannen». Etter kvart kjem vi over på sti, tydeleg sti, heile vegen til toppen «Mannen» - faktisk er der to topper. Like før den siste stigninga, der retninga snur brått vest, låg der eit skilt på bakken påskriven «Stordalen». Når vi kjem ned frå toppen, følgjer vi stien austover, mot Stordalen og sjøen. På Stordalen har det vore busetting, det er tydeleg å sjå, men no er det i bruk som fritidshus. Her frå følgjer vi stien (han fortsetje gjennom opning i steingarden) nordover heilt til eit stikryss under kraftlina – her tek vi stien som går retning sør. Stien stig no opp Marasmogfjellet (Mara er oversett med grave/streva seg fram, og det passar godt) og flatar ut på toppen i Blågjerddalen (Blå viser til mørk og gjerd til gard/gjerde – mørkt er der og faktisk er der eit gjerde her i marke – kor gamalt det må vere). Her frå tar vi til høgre og går mot nordvest til Sangolthornet. Fin utsikt, «over 7 prestegjeld» og langt til havs. Vi går tilbake same vegen til Blågjerddalen og fortsetter på stien sørover og kjem til slutt ut på ei anna del av skogsvegen vi starta på. Vi har no passert Setramoen og Setratjørna. I namne leksikonet nemnes ei interessant skilnad på Seter og Setra; seter høyrer til store garder, setra til små. Vi følgjer skogsvegen tilbake til parkeringsplassen. Følgjer ein heile turen slik vi har gjort, er den litt krevjande og tar om lag 3 timer i roleg turtempo. Der er stadvis god bløyte, så ein lyt ha godt fottøy. Det er ein fin og variert tur, «frå fjord til fjell» - særleg er det idyll å gå «langs sjøen» frå Stordalen og nordover. På fylkesveg 198, om lag 2 km nord for Klokkarvik, ligg der ein parkeringsplass på austsida av vegen, i sørkant av eit lite tjørn, med plass til nokre biler. Her startar turen.