Strunkeveko 2024 - pardans fordjuping

Det blir eit variert kurs med fokus på ulike pardansar. Inga er ein erfaren dansar og pedagog, og reiser litt rundt med ulike prosjekt. Ho likar godt å undervise i dans, og har stor kjærleik til...
07.jul
-
kl 16:00

Detaljer

Det blir eit variert kurs med fokus på ulike pardansar. Inga er ein erfaren dansar og pedagog, og reiser litt rundt med ulike prosjekt. Ho likar godt å undervise i dans, og har stor kjærleik til dei små detaljane og dei artige og litt finurlege dansane me har rundt om i landet. Inga har ein bachelor i utøvande tradisjonsdans frå NTNU og Ole Bull akademiet og elskar å nerde dans. Ho har brukt utallege timar på å studere dansegolv og arkivfilm og ta med seg inspirasjon frå det inn i eigen dans. Inga gler seg til å møte dykk alle, og har med seg nokre perlar frå ulike krikar og krokar, samt tips og triks til korleis ein kan leike seg, og variera endå meir i eigen dans.

Kurset er for dei over 14 år, og du bør ha dansa ein god del for å vera med på kurset.

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen førbetalinga er gjennomført.

Praktisk info

Enjoy-kode: 626838
Type
Scene
Passer for
Voksne, Eldre, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

I samarbeid med TicketCo