Strikkebitsj med Hildegunn og Leif-Per // 9. og 10. JULI

Stolt av å vere ei ekte «strikkebitsj» At Hildegunn kunne sy gardiner, var det vel ingen som var i tvil om. Men no er det strikking som gjeld ... Stolt av å vere ei ekte «strikkebitsj» At Hildegunn...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
09.jul
2021
kl 18:00

Detaljer

Stolt av å vere ei ekte «strikkebitsj» At Hildegunn kunne sy gardiner, var det vel ingen som var i tvil om. Men no er det strikking som gjeld ... Stolt av å vere ei ekte «strikkebitsj» At Hildegunn kunne sy gardiner, var det vel ingen som var i tvil om. Men no er det strikking som gjeld for den nyseparerte og berømde husmora frå Ulsteinvik. - Ei strikkebitsj er ein strikkar som ikkje unnskuldar seg for å sitje å strikke. Stadig vekk får vi strikkarar kritikk fordi vi strikkar på kafé medan vi pratar med andre, eller at ein strikkar på eit jobbmøte, til dømes. Men kva er eigentleg problemet? Folk sit jo med nasen ned i mobiltelefonen over alt, og der er det ingen som seier i frå eller reagerer. Men vi strikkarar produserer i det minste noko, og vi unnskuldar oss aldri! Aldri i verda! Det var jula 2019 at verda fekk opp augene for «Strikkebitsj» alias Hildegunn Moltubakk. Ho heiter framleis Hildegunn, men valde å bruke skjellsordet «strikkebitsj» for det det var verdt då ho og mannen valde å ta ut separasjon. Hildegunn forklarer: - Eg og eksmannen min var midt i ein heftig krangel då han plutseleg slapp opp for gode argument. Då tok han sats og kalla meg ei «strikkebitsj». Og eg tenkte: Greitt! Hvis han vil kalle meg for ei strikkebitsj, så skal eg vise meg som ei strikkebitsj!

Praktisk info

Enjoy-kode: 588888
Type
Scene
Passer for
Ungdom, Eldre, Voksne, Barn
Kilde
Tikkio

Sponsede linker