star
star
star
star
star

Stråpanuten

Dei fleste som går opp på den 431 meter høge nuten startar frå Bergsvegen på Stråpa, rett før vegen stig rett til vers mot Berge. Her går stien bratt opp ein grasbakke før den held fram opp mellom...
Foto: Holly Mandarich

Praktisk info

Enjoy-kode: 495279
Frå Suldalsosen, kjør ned mot Gamle-Osen, og over dammen. Hold til venstre ved Stråpa. Turen stertar der vegen gjer ein sving og stig opp mot Berge
Type
Turer
Passer for
Voksen
Varighet
1 time
Lengde
2.9 km
Vanskelighetsgrad
filters.difficulty.options.middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Dei fleste som går opp på den 431 meter høge nuten startar frå Bergsvegen på Stråpa, rett før vegen stig rett til vers mot Berge. Her går stien bratt opp ein grasbakke før den held fram opp mellom trea til ein gjengrodd flate med ein svær stein på. Flaten heiter Huskjelane, og steinen sjølvsagt Kvilesteinen.

Etter Huskjelane kjem ein til eit vegskilje. Den merka stien held til høgre, og den fører gjennom Lauvskar og fram til stien som kjem frå Håvodl, inst på Stråpa.

Denne løypa snor seg rundt nuten, og ein går opp via ryggen frå baksida, mellom anna går ein forbi tjørna Låjo og verktøyskrinet til Gjermund. Før ein tek fatt på siste stigninga opp ryggen, kjem og stien frå Berge og Vetrhusstølen inn på denne ruta. Dette alternativet er ikkje så bratt, men noko lenger enn om ein vel å ta til venstre ved nemde vegskilje.

Dersom ein tek til venstre etter Huskjelane, så går stien rett opp nær sagt på framsida av nuten. Her er det ikkje rom for kaffikvil. Denne ruta er for dei som skal setje rekord og har motbakkemusklar, for her er det bratt. Ein kjem då opp på nuten akkurat der boka du skriv deg inn i heng.

Vel ein å ta turen rundt nuten, vil ein etter siste motbakke komme opp på Gjermunds minneveg. Denne minnevegen snor seg mellom tuene på toppen fram mot kanten av nuten og eit framifrå utsyn over Stråpa, Osen, Moane, Vikjo, Lunde. Åsane og Steine. For best panorama må ein gå vidare litt ned frå toppen og fram på kanten.

Turen kan dei sprekaste gjere unna på ein god halvtime, mens mange fint går opp og ned på ein god time.

Hentet frå Suldal-il sine sider.