star
star
star
star
star

Storemyr - Flatabøgryting

Skildring av tur Ved skihuset i Krossdalen er det skilta til Flatabøgryting, og du følgjer lysløypa ca 0,5 km. Ved eit retningsskilt tar du av frå lysløypa og inn i litt myrlendt skogsterreng. Når...

Praktisk info

Enjoy-kode: 364994
Ta vegen frå Jondal mot Folgefonna. Etter 8,0 km tar du til høgre mot Folgefonna. Etter ca 100 m må du betale avgift for å køyre denne vegen med bil. Det er automat som tar kort eller kontantar. Like før du kjem til denne automaten er det på høgre sida av vegen ei infotavle for turane i området. Etter 2,0 km tar du opp til høgre; ein kort veg som endar ved skihuset på Storemyr. Der er det ein god parkeringsplass. Parkering på eige ansvar.
Type
Turer
Passer for
Barn, Eldre, Ungdom, Voksne
Varighet
4 timer
Lengde
4.4 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Skildring av tur

Ved skihuset i Krossdalen er det skilta til Flatabøgryting, og du følgjer lysløypa ca 0,5 km. Ved eit retningsskilt tar du av frå lysløypa og inn i litt myrlendt skogsterreng. Når terrenget etterkvart vert brattare må du over Gjetingselva og vidare i bratt, men god sti til du kjem over skoggrensa. Du kjem til Kvålsbotn og går i fint fjellterreng i denne opne dalen og så litt opp og forbi Skardtjørna. Når du kjem på høgste punktet ser du ned på Grytingsvatnet og stølen Flatabøgryting. Stien er merka vidare langs vestsida av Grytingsvatnet til stikryss, der du kan gå til venstre mot Hestadalen eller til høgre mot Breidsete.

Råd for turen

-Ta med mat, drikke og vindtette klede.

  • Du bør ha fjellstøvlar, men har det vore tørt ei stund kan du bruke joggesko.
  • Mobildekning er ikkje god på heile turen.
  • Vi anbefaler kart og kompass, ev. GPS.
  • Det er bandtvang 1. april – 20. august.
  • Det er forbode med open eld i skog og mark 15. april - 15. september.
  • Til fots kan du ferdast fritt i utmark, men ver varsam og ta omsyn til dyr og fuglar, og til naturen elles. Ikkje kast søppel.
  • Fiskekort for dette vassdraget er å få kjøpt i Coop-butikken.