star
star
star
star
star

Storebru Endestadnipa - Fottur

Stien startar på vegen frå Storebru til Endestad. Rett etter Endestad Camping er det skilta til Endestadnipa, Torsvatnet og Høgenipa. I starten er det bratt oppover, men tydeleg sti og godt merka...

Praktisk info

Enjoy-kode: 989245
Ta av frå Riksvei 5 på Storebru mot campingplassen. Det er ein parkeringsplass ved eit sagbruk om lag 200 m etter campingplassen
Type
Turer
Passer for
Voksne, Barn, Eldre
Varighet
3 timer
Lengde
4.2 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Stien startar på vegen frå Storebru til Endestad. Rett etter Endestad Camping er det skilta til Endestadnipa, Torsvatnet og Høgenipa. I starten er det bratt oppover, men tydeleg sti og godt merka med oransje pålar og det fortsett slik like til Velomstøylen. Litt oppe i lia krysser du stien som går til Endestad. I eldre tider brukte dei denne stien når dei skulle til Eikefjord før første brua på Storebru vart bygd. Stien fortsett forbi Velomstøylen oppover lia. Det er ikkje like bratt heile tida, men nokre kneiker innimellom dreg pulsen godt opp. Høgenipa 574 moh kjem til syne ei god stund før du er framme. Det er fin utsikt opp dalen, oppover mot Svarthumle og nedover mot Eikefjorden.

Du går innover og ned til Torsvatnet. I vestenden av Torsvatnet er det ei demning. Det vert fortalt at då dei opna demninga heldt det til tre dagars drift av kvenna nede på Endestad. Gå over elva og opp og innover ovafor vatnet. Ein må godt innover over halve vatnet før ein svingar opp og så ut ei skår. Ein fortsett vidare oppover før ein rundar utover fjellet mot varden. Ved å gå på kanten har ein utsikt til Gjengnen, Maritind, Plogen, Keipen, Blånipa og Midbønipa i nord. I aust ser ein Blånipa på Ramsdalsheia. I sør Bleja, Håsteinen og Vassetvatnet. Vestover ser ein øyane utanfor Florø. Helt ute på nipa er det laga ein liten varde og her ser du ned til Løkkebø og Storebru. Frå parkeringsplassen ovanfor riksvegen mellom Langedal og Sæterli går du traktorvegen oppover. I krysset ca. 800 m oppe i dalen tek du til høgre og fortsett denne traktorvegen til endes. No er det over på sti, men det er fortsatt godt å gå og godt merka med oransjemåla pålar. Etter ca. 100 m er det stidele, ta til venstre og følg stien nordover. Du kjem snart til nytt stidele der du skal rett fram mot Langedalstøylen. Det er slakt og fint terreng å gå i også siste stykket opp til støylen. Videre opp til Torsvatnet og oppover mot Endestadnipa. Stien er merka heile vegen.

Turen er teikna inn og er ei rettesnor