star
star
star
star
star

Store Batalden

Store Batalden er 492 moh. Store Batalden har den høgaste toppen av alle øyane i Flora. Utgangspunktet for turen på øya er Batalden Havbu si kai der rutebåten frå Florø legg til. Du er velkommen...
Foto: Arnfrid Bergheim

Praktisk info

Enjoy-kode: 756039
Rutebåt til Store Batalden. Frå 1.mai 2017 kan turgåarar ikkje la eigen båt ligge ved kai mens dei er på tur.
Type
Turer
Passer for
Eldre, Voksne, Barn
Varighet
30 minutter
Lengde
2 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Store Batalden er 492 moh.

Store Batalden har den høgaste toppen av alle øyane i Flora. Utgangspunktet for turen på øya er Batalden Havbu si kai der rutebåten frå Florø legg til.

Du er velkommen til å gå tur på øya. Studer oppslag og info på kaia før turen.

Ta omsyn til at Batalden Havbu ikkje har gjestehamntilbod og at rutebåtkaia og hamneanlegget elles er privat.

Frå 1.mai 2017 kan turgåarar ikkje la eigen båt ligge ved kai medan dei er på tur.

Det er ein bratt tur med delvis ur, berg og lygnhei. Frå kaia går du rett fram og tek til høgre rett før husa. Du går opp bakken og nordover gjennom ei grind og kryssar ei beitemark. Følg så stien oppover til du kjem til eit lite vatn der stien svingar til venstre. Gå til steingarden der stien opp mot toppen er godt synleg. I dei bratte områda er stien merka med raudt. Vegen vidare gir seg sjølv, den er mykje brukt og det er berre å følgje den til toppen. Om ein har god tid og vil unngå eit eller fleire brattheng, kan du gå litt nordover og komme tilbake til hovudløypa. På vegen oppover er det mange fine utsiktpunkt. Så det er vel verdt å stoppe opp av og til og nyte utsikta til dei andre øyane. Frå varden på toppen ser ein rett ned på havet. Her er stupbratte sider mot sør, vest og nord. Frå Store Batalden ser du alle øyane, innover til fastlandet, nordover til Bremanger og sørover til Askvoll - det er ei oppleving å vere her både i " storm og stille ".

Lars Jansen var frå Batalden og han var William Ceciel Slingsby sin førar på fjell / breturar.

Det er hjort på øya. Det er havørn i området.

Batalden er eit av turmåla på tradisjonsturen til Flora Turlag som går i slutten på mai. Dei andre øyane er Kinn, Skorpa og Hovden.

Turlaget har også midtveketur - kveldstur til Store Batalden.

Dersom ein ønskjer ein lengre tur kan ein gå ut til Stokksneset og gå derifra og opp. Der er det ikkje sti.

På Batalden har Gunnhild Bjelland kunstgalleri - sjå linken