star
star
star
star
star

Stølverlifjellet

Stølverlifjellet er ein gøymd topp i Gjesdalsdalen. Stølverlifjellet byr på fantastisk utsikt over Gjesdalsdalen på veg opp, og ein praktfull varde på toppen. Dette sporet startar på parkeringa ved...
Foto: Anne Cecilie Kapstad

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 852362
Ta av E39 på Vassenden. Køyr opp mot dei øvste gardane i Gjesdalen, og køyr opp skogsvegen mot Bakkestøylen. 40 kr i bompengar.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
30 minutter
Lengde
4.1 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Stølverlifjellet er ein gøymd topp i Gjesdalsdalen. Stølverlifjellet byr på fantastisk utsikt over Gjesdalsdalen på veg opp, og ein praktfull varde på toppen. Dette sporet startar på parkeringa ved Bakkestøylen i Gjesdalsdalen. Første del av sporet går på sti der skiløypa til Jølster Løypelag går om vinteren. I det du tek av frå "skisporet" går ein del av sporet vidare i terreng der det ikkje er sti. Sporet er lagt slik at du går "effektivt" mot fjellet på same tid som du får best mogeleg utsikt over Gjesdalsdalen. I stor grad føl du Litlebotsgrova opp til "foten" av fjellet der Finneskotet startar.

På veg opp ryggen går du sti, som tidvis er merka. På veg opp har du nydeleg utsikt over Gjesdalsdalen, Middagsfjellet, fjellvatna i Gjesdalsdalen og Gjesdalsvatnet i retning Sandalen. Du ser også ein "flik" av Jølstravatnet. Når du stig oppover får du utsikt mot heile Finneskotet, som er passasjen mot Holsen i Førde. På toppen ventar ein fantastisk varde på deg saman med panoramautsikt mot Kvamshestane i Gaular i vest og Snønipa.

Turen opp tek kring 1-1,5 time. Om du ønskjer det kan du på veg opp/ned gå oppom Bakkestøylen, som du passerer ganske nær der du parkerer i enden av skogsvegen. Du kan òg starte turen frå Trinta, som er parkeringa ved Gjesdalsstøylen. Du kan nytte sporet til Finneskotet (sjå lenke til denne turen) som utgangspunkt for starten av turen herifrå.

Finneskotet har truleg fått namnet sitt etter ei historie knytt til baronen Audun Hugleikson, som du kan lese meir om i ei av lenkene nedanfor.