star
star
star
star
star

Stølstur til Rebnisli

Dette er ein tur med fin utsikt mot Skjolden og Lustrafjorden. På veg til stølen Rebnisli passerer du høgdegardane Flaten, Skåri og Rebni. Allereie når vi passerer garden Heltne berre nokre hundre...

Praktisk info

Enjoy-kode: 727809
Ta av frå fv 55 i Skjolden og køyr 2 km mot Mørkridsdalen. Parker langs veg 333, ved Heltne.
Type
Turer
Passer for
Barn, Voksne
Varighet
4 timer
Lengde
6.7 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Dette er ein tur med fin utsikt mot Skjolden og Lustrafjorden. På veg til stølen Rebnisli passerer du høgdegardane Flaten, Skåri og Rebni.

Allereie når vi passerer garden Heltne berre nokre hundre meter frå startpunktet vårt, får vi godt utsyn mot Lusterfjorden og delar av Skjolden. Dette utsynet blir berre betre og betre etter som vi arbeider oss oppover mot fjellet. Vi passerer Flaten. Som namnet seier ligg garden på ei hylle i fjellet. Garden vart fråflytt i 1976, og har ikkje vore i drift sidan. Lenger oppe ser vi frå vegen ned på garden Skåri med mange gamle bygningar. Garden har fått namn etter fjellkløfta vest for gardshusa. (Høgare oppe ligg ein støl med same namn.) Skåri har hatt mange eigarar, og var ei tid del av Sørheimsgodset. Frå 1757 har bøndene i Skåri vore sjølveigarar. I byrjinga av 1900-talet vaks det opp 11 barn på den vesle høgdegarden. Gardsdrifta vart lagd ned i 1960. Frå 1974 til 1993 var garden utan fast busetnad. I 1993 vart det bygd ny veg til gards, og Skåri vart busett på nytt. I 2000 skifte garden på nytt eigar, og eit større restaureringsarbeid vart sett i gang. Målet er å reataurerar eller byggja oppatt alle hus som har vore på garden. Av dei fire gardane i dette området, er det no berre Skåri som har fast busetnad. Garden Rebni (Ramnesletta) ligg på 370 m.o.h. Frå Rebni ser ein tydeleg stølane på andre sida av dalen: Persli, Gurosete og Osen. Rebni og Skåri har heimestøl på Rebnisli, som er endepunktet for turen vår. Høgare opp i fjellsida har dei vårstøl på Skåri, og fjellstøl (sommarstøl) på Myrasete. Høgspentlina frå Fardal til Fortun går over Rebnisli. Lina har ei spenning på 300 000 volt.