star
star
star
star
star

Stølstur til Høgsetstølen

Frå Stølsvika og velteplassen følgjer du skogsvegen i ca 10 minuttar til du kjem til skiltet med to namn på: Halvgjerda og Høgsetstølen. Ta inn på stien til høgre som fører til Høgsetstølen. Stien...
Foto: Alf Foss

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 956863
I Stølsvika ved Holsenvatnet tek du av frå fv 13. Omlag 20 meter frå vegen ligg ein velteplass for tømmer der du kan parkere bilen. Så er det å følgje skogsvegen opp den første bakken.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
1 time
Lengde
1.8 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Frå Stølsvika og velteplassen følgjer du skogsvegen i ca 10 minuttar til du kjem til skiltet med to namn på: Halvgjerda og Høgsetstølen. Ta inn på stien til høgre som fører til Høgsetstølen. Stien er ikkje merka, men den er tydeleg og god å følgje. Omtrent halvvegs går du gjennom opninga i eit steingjerde. Herifrå og opp er det mange fine utsiktplassar. Etter gjerdet er det ei lita flate før ein litt bratt bakke. Den er ikkje så lang,og har god sti å gå på. No vert det slakare stigning der stien går i fine svingar opp mot stølen. Denne delen har enkelte plassar der det kan vere blautt å gå. Like før stølen står skiltet med Høgsetstølen på. Her heng også den grøne postkassen med bok i der du kan skrive namnet ditt. Då er det berre minuttar att til du er ved dei øverste sela på Høgsetstølen og kan nyte den flotte utsikten vestover med Vettreiene nærast og så Åsvatnet, Åsane, Movatnet, Kusslia, Sunde og Storehesten lengst ute mot vest. Aust for stølen ligg Høgsetdalen. Mot sør går den merka stien til Høgsetholten (Høgsetfjellet). Det er også merka sti ut på Halvgjerda.