star
star
star
star
star

Stølstur til Haugafjellstølen

Sørvend, solrik og til dels bratt tur. Haugafjellstølen er ein av dei mest brukte trimturane i Jostedalen og byr på vakkert utsyn. Høgdeskilnad: 480 m Dersom du startar frå Jostedal Hotell, gå 300...

Praktisk info

Enjoy-kode: 226325
Parker ved Jostedal Hotell eller ved startpunktet nokre hundre meter inn bilvegen mot Krundalen.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Barn
Varighet
4 timer
Lengde
4.8 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Sørvend, solrik og til dels bratt tur. Haugafjellstølen er ein av dei mest brukte trimturane i Jostedalen og byr på vakkert utsyn. Høgdeskilnad: 480 m

Dersom du startar frå Jostedal Hotell, gå 300 meter til fots på bilvegen mot Krundalen frå Gjerde, fram til skilt merka Haugafjellstølen, på høgre side av vegen. Følg den godt merkte stien oppover til Vårstølen, der utsynet mot Jostedalen, Myrhorn og Vangsen opnar seg. Frå Vårstølen, på vel 300 meters høgd, går stien i bratte og til dels luftige slyng opp i om lag 750 meters høgd. Her flatar terrenget ut framover mot fjellryggen like sør for Haugafjellstølen. Rett før stølen går du ned ein liten unnabakken og i vestleg retning rundt eit lite vatn. Stølshusa ligg på nordsida av dette vatnet. I nord ligg Nigardsdalen fram mot Nigardsbreen. I vest ligg Haugavarden, 1369 m.o.h. Til Haugavarden er det ein halvgod sti eit stykke på veg, medan siste delen går i ur og sva