star
star
star
star
star

Stølstur til Fjellstølen

Stadvis bratt tur i høg vegetasjon til dei nedlagde fjellstølane Brimskår og Fjellstølen. Mogeleg å ta kort avstikkar til utsynspunktet Nonhaug. Fine utsiktspunkt undervegs. Høgdeskilnad: 500/680...

Praktisk info

Enjoy-kode: 512395
Ta av frå fv 55 og parker ved bensinstasjonen på Galden. Turen byrjar på ein skogsveg på motsett side av fv 55.
Type
Turer
Passer for
Voksne
Varighet
6 timer
Lengde
6 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Stadvis bratt tur i høg vegetasjon til dei nedlagde fjellstølane Brimskår og Fjellstølen. Mogeleg å ta kort avstikkar til utsynspunktet Nonhaug. Fine utsiktspunkt undervegs. Høgdeskilnad: 500/680 m.

Turen frå Galden til Øvrabøstølen går langs god sti og skogsveg og tek om lag ein halv time. Stien til Brimskår svingar av frå Setålenstien og går i jamn stigning opp lia. Turen tek rundt to timar. Frå Brimskår kan ein at avstikkar til Nonhaug ved å følgje bratt sti opp på fjellet. Nonhaug tyder der sola står ved ”non” (kl. 17). Turen tek ca. ein time. For å kome til Fjellstølen går ein i staden stien langsetter skogsida frå Brimskår. Denne etappen tek ca ein halv time.

Øvrabøstølen er ein av vårstølane for Solvorn. Her er tufter og stølshus som vitnar om ein allsidig aktivitet. Her fanst det både sel, fjøs, løer og grisehus. Tidlegare vart stølsdrifta flytta til fjellstølane Brimskår og Fjellstølen utpå sommaren, men det er lenge sidan desse stølane var i bruk. I dag finst det lite spor att i landskapet etter desse fjellstølane.