star
star
star
star
star

Stølen Hovdungo i Undredal

Ca 740 meter over Undredal ligg den nedlagte stølen Hovdungo. Dette var ein av sommarstølane til Underdølene og var i drift fram til 1947. Her var det både sau, geit og kyr. Mjølka frå kyra og...
Foto: André Vindedal

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 851928
I Undredal kan det vera lite muligheit for parkering. Difor anbefalar ein å parkera på den store snuplassen rett før 30-sona Ned til sentrum. Derifrå går du ca. 1 km til du ser ein veg til venstre. Denne er skilta "Hjødna bustadfelt". Følg denne heilt fram til eit lite gult hus på høgre hånd. Fortsatt då rundt svingen til venstre. Då skal du sjå der stien startar.
Type
Turer
Passer for
Eldre, Barn, Voksne, Ungdom
Varighet
30 minutter
Lengde
5.3 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Ca 740 meter over Undredal ligg den nedlagte stølen Hovdungo. Dette var ein av sommarstølane til Underdølene og var i drift fram til 1947. Her var det både sau, geit og kyr. Mjølka frå kyra og geitene blei brukt til å laga kvit og brun ost. For å få brensel til dette, turka dei torv frå myrene rundt stølen. Vatn måtte dei henta frå elva Beinsnesao som låg eit stykkje unna. Difor var dette ein tungdriven støl, og dei måtte ofte gje seg tidlegare enn planlagt pga vassmangel. Det er god sti opp til Hovdungo, men det er stadvis veldig bratt. Spesielt i byrjinga. Vil ikkje anbefale turen om det har regna mykje. Tek ein turen vil ein få ein fantastisk utsikt inn mot Skjerdal og fjella ovanfor. Ein kan også sjå utover fjorden. Det går sti vidare opp til ein gapahuk ca. 1000 moh. Den kan leigast på inatur.no. Søk på "Ørnareiret".